Her blir det lange stengingar

Frå første del av november blir det lange stengingar på fylkesveg 55 gjennom Høyangertunnelen. Då startar eit omfattande rehabiliteringsarbeid som vil vare fram til neste sommar. Høyangertunnelen skal utbetrast for 170 millionar kroner. Arbeidet omfattar ny vass- og frostsikring, fjellsikring, nye nisjar i tunnelen, ny drenering og kablar, nye vifter, nytt lysanlegg, DAB og naudnett.

Høyangertunnelen
Foto: Vidar Gudvangen / NRK