Sjå den dramatiske videoen: Her bergar redningsmannskapet mannen frå bølgene

Redningsmannskapet blei vitne til båthavari. Kort tid seinare låg ein mann med hovudet ned i den iskalde sjøen. – Dette var heilt tidskritisk, seier fartøysjefen på redningshelikopteret.

REDNINGSAKSJON: Mannskap frå redningshelikopteret i Florø klarte å finne mannen og heise han om bord i helikopteret. Foto: CHC Florø redningshelikopter.

Klokka 13.29 fredag ettermiddag fekk HRS Sør-Norge melding om at ein mann og ein åtte meter lang båt var sakna nord for Stad. Eit redningshelikopter frå basen på Florø rykte ut og fekk raskt auge på eit fartøy som likna skildringa.

– Vi sette kursen dit og blei vitne til at båten køyrde rett på land, seier Odd Arild Hansen, fartøysjef på redningshelikopteret.

Blei vitne til havariet

Frå lufta blei fartøysjefen og kollegaene vitne til at båten segla over eit skjær, før båten tok ein runde til og deretter på ny sette kursen mot land.

– Vi såg ingen personar om bord, men ein flamme som brann inne i båten. Vi søkte litt bak båten, for å sjå om nokon hadde falle ut. Etter kvart oppdaga vi ein person i vatnet, medan båten blei kasta opp på eit skjær.

Redningshelikopteret vurderte situasjonen til å vere svært alvorleg. Mannen hadde ikkje redningsvest, og hadde tydelege vanskar i sjøen.

Det var ganske tidskritisk ein periode.

Berga mann opp av sjøen ved Riste

REDNINGSAKSJON: Mannskap frå redningshelikopteret i Florø klarte å finne mannen og heise han om bord i helikopteret.

Foto: CHC Florø redningshelikopter

– Låg med hovudet ned i sjøen

Hansen anslår at mannen hadde lege i sjøen i fem minutt. Han blei henta ut om lag ti meter frå det havarerte fartøyet.

Då eg såg ned på han, låg han fleire gongar med hovudet ned i vatnet og med armane framover. Det er ein klar indikasjon på at han er i ferd med å miste medvitet, seier fartøysjefen.

– Vi var sjølvsagt ikkje sikre på at dette kom til å gå bra. Han blei tatt av ei bølge i det redningsmannen skulle hekta han og heisa han opp.

Mannen blei frakta til sjukehuset i Ålesund.

BÅT GJEKK NED: Båten gjekk på land ved Riste nord for Kvamsøya.

Politiet vil ikkje gå ut med opplysingar

Politiet opplyser til NRK fredag kveld at tilstanden til mannen skal vere stabil.

– Ein patrulje har vore å snakka med mannen på sjukehus. Han stadfesta at han var aleine i båten då ulykke skjedde, seier Arild Reite ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet seier dei har fått ei forklaring frå mannen om kva som har skjedd, men vil ikkje gå ut med forklaringa før etterforskarar har konkludert med om det er ei sak dei vil gå vidare på.

Frykta eksplosjon

Fartøysjefen på redningshelikopteret meiner det dreier seg om marginar for at dagens redningsaksjon ikkje enda med eit ulukkeleg søksoppdrag. Det var tilfeldig at dei valde å gjera fleire søk like i nærleiken av båten, i staden for å søka breiare til havs.

Mannen var tom for krefter då han blei henta ut.

Han blei kasta inn og ut mot berga. Heldigvis gjekk det bra.

Flammen inne i båten gjorde også situasjonen for redningspersonellet utfordrande.

– Vi vurderte å sende redningsmannen ned for å sjå inn vindauga på båten når då låg på skjeret, men det turte vi ikkje. Det brann inne i båten, og vi frykta eksplosjon om det var propan inne.