Hopp til innhold

Sjå video: Her går den 85 meter høge masta i bakken

Spektakulær operasjon mellom Sotra og Bergen i dag då to høgspentmaster vart sprengt ned i eit tettbygd bustadområde.

BKK sprengte onsdag to høgspentmaster for å starte med å gjere plass til ny bru mellom Bergen og Sotra.

EKSPLOSJON: BKK sprengde onsdag to høgspentmaster for å gjere plass til ny bru mellom Bergen og Sotra.

Det er totalt ni høgspentmaster som skal ned for å gjere plass til den nye Sotrabrua mellom Sotra og Bergen. To av dei gjekk i bakken i dag ved hjelp av sprengstoff.

Klokka 11 gjekk den første ladninga, og ein time seinare gjekk den andre masta i bakken.

Mastene må vekk fordi Statens vegvesen gjer klart til bygging av den nye store Sotrabrua mellom Bergen og nabokommunen Øygarden.

Det er omfattande sikkerheitstiltak på plass når arbeidet går i gang for dagen.

Den viktige pendlarvegen rv. 555 på Sotrabrua blir heilt stengd under sprenginga.

Begge mastene står på bergenssida i Drotningsvik, og den største av dei er 85 meter.

Førre veke vart straumkablane langs den same linja kappa av med hjelp frå 35 sprengladningar.

85 meter høy mast går i bakken ved Sotrabrua i Bergen

HØG: Den høgste masta var på 85 meter og gjekk i bakken med eit brak.

Foto: Lisa Sørebø / NRK

Begge mastene nede

Ca. ti minutt over klokka 11 eksploderte det i foten på den 85 meter høge masta.

Den fall så kontrollert mot bakken, og alt såg ut til å gå etter planen.

Eit helikopter som har hatt oversikt over sprenginga frå lufta, kom flygande like etter for å kaste vatn over terrenget der masta hamna. Grunnen var at dei ville unngå at gnistar skulle føra til brann i terrenget.

Ein time seinare vart den andre, mindre masta sprengt på same vis.

Nye Sotrabrua

NYTT: Den eksisterande brua er til venstre i biletet. Den komande brua med firefelts veg til høgre.

Illustrasjon: Statens vegvesen

Naboar måtte bruke høyrselsvern

Personar som var utandørs innanfor ein radius på 300 meter frå sprenginga måtte bruke høyrselsvern grunna dei høge smella.

Sjølv om mastene sto nær eit bustadområde, var ikkje prosjektleiar Linda Heibø i BKK Enotek bekymra på førehand.

– Vi har god kontroll på kvar masta skal falle og har gjort sikringstiltak der det er nødvendig.

Det var vakthald som sørga for at ingen gjekk inn i området nærast mastene.

BKK har bygget ny strømlinje til Sotra og sprenger den gamle for å gi plass til ny vei og bro.

VELLYKKA: Her går den andre masta i bakken akkurat som planlagt.

Uvanleg metode

Sprenging av høgspentmaster i tettbygde strøk er ein uvanleg metode. Dei resterande sju mastene skal veltast med hjelp frå vinsj eller gravemaskin.

– Vi har valt å sprenge desse to mastene fordi det er vanskeleg framkome der dei står. Det handlar blant anna om persontryggleiken til arbeidarane som skal rive ned mastene, seier prosjektleiar for sprenginga, Linda Heibø.

BKK har bygget ny strømlinje til Sotra og sprenger den gamle for å gi plass til ny vei og bro.

VELLYKKA: Her går den andre masta i bakken akkurat som planlagt.

SPRENGING: Her står dei to mastene som vart sprengde.