Hopp til innhold

Her betalte dei mest eigedomsskatt i fjor

251 kommunar kravde inn eigedomsskatt i fjor. Fire fleire enn i 2020.

Np-bpu32C6c

PÅ TOPP: – Dette er ikkje ei liste vi ønsker å vere på toppen av, seier Anette Musdalslien (Sp), ordførar i Gausdal.

Foto: Geir Olsen / NTB

Huseigarane har sett opp ein oversikt over kor mykje du må betale i eigedomsskatt for ein standard bustad på 120 kvadratmeter i dei ulike kommunane.

Storleiken er ikkje tilfeldig. 120 kvadratmeter er snittet for ein norsk bustad.

Dette er ikkje ei liste vi ønsker å vere på toppen av. Men for å kome ut av Robek-lista har vi vore nøydde til å ta nokre grep både på utgifts- og inntektssida i kommunen, seier Anette Musdalslien (Sp), ordførar i Gausdal.

Oversikta viser at ni av kommunane har ordførar frå Ap og Sp. Unntaket er Giske, der ordføraren er frå KrF.

– Når venstresida får bestemme, går det utover lommeboka, seier Mudassar Kapur, som er kommunalpolitisk talsperson i Høgre.

Han legg til:

No er vi inne i ein tid kor straumutgiftene er høge, og renta kan gå opp. Då må vi finne andre måtar for å hjelpe familiar med å få endene til å møtes.

NRK fortalde denne veka om den Senterparti-styrte kraftkommunen Luster, som i år lar vere å krevje inn eigedomsskatt. Kvifor? Fordi dei høge straumprisane gjer at kommunen vil gje innbyggarane ein handsrekning.

Det er godt å gi litt tilbake, forklarte ordførar Ivar Kvalen (Sp) til NRK.

Ivar Kvalen, ordførar i Luster

HANDSREKNING: Høge straumprisar gjer at kraftkommunen Luster let vere å krevje inn eigedomsskatt i år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

251 kommunar krev inn eigedomsskatt

Eigedomsskatten har vore politisk omstridd, og i ein undersøking frå TNS Gallup seier veljarane at eigedomsskatt er blant dei viktigaste sakene når dei går til stemmeurnene.

I Kinn, som vert kalla «Noregs raraste kommune», fortalde innbyggarane om «takseringssjokk» då kravet om eigedomsskatt kom. Kinn ligg på sjetteplass på lista som over nemnt.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 251 av av landets 356 kommunar krev inn eigedomsskatt, fire fleire enn i 2020.

I 2019 fekk Bø tilnamnet «Noregs Monaco» då dei vedtok å kutte formuesskatten i eit forsøk på å få rike nordmenn til å flytte til kommunen.

I desember varsla oppdrettsgigant og laksemilliardær Ola Braanas at han flytter til kommunen «for å spare 31 millionar kroner».

Men i november sa regjeringa at ho vil stanse finansieringa av «skattestuntet».

Endringa kjem etter at Kommunal- og moderniseringsdepartementet varsla at kommunar som vel å nytte lågare skattesatsar på inntekt og formue vil få ein korreksjon i skattetala i skatteutjamninga.

Havreneset i Florø

KINN: Innbyggarane i Kinn fortalde om «takseringssjokk» då kravet om eigedomsskatt kom.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Eigedomsskatten er ein treffsikker

Roar Aas er gruppeleiar for Aps bystyregruppe i Trondheim, som kjem på 3.-plass på «skattetoppen».

Eigedomsskatten er ein treffsikker og rettferdig skattlegging kor dei som eig mest også betaler mest. På den måten verkar den omfordelande og pengane går tilbake til kommunen slik at vi kan tilsett fleire lærarar og helsefagarbeidarar til det beste for innbyggjarane, seier han.

Rita Ottervik, ordfører i Trondheim, sittende i salen under årsmøtet til Trondheim Arbeiderparti mai 2021

TRONDHEIM PÅ 3. PLASS: – Eigedomsskatten er ein treffsikker og rettferdig skattlegging, seier Ap. På bilete: ordførar Rita Ottervik.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Gunn I. Stokke (Sp) er ordførar Skaun kommune, som ligg på 4.-plass.

Ho viser til at dei har «ein veldig ung befolkning som krev tenester tilpassa det».

For å finansiere nye skolar og barnehagar, er eigedomsskatten nødvendig.

Ho legg til:

Men det er eit politisk mål og senke denne når det økonomiske bilete endrar seg.