Hopp til innhold

Her badar han i ei blå lagune på taket av Noregs største bre

Det var issørpe, nær null grader i vatnet og 1600 meter over havet. Likevel tok Andreas Orheim eit bad midt i ein knallblå oase på Jostedalsbreen.

ISKALD DUKKERT: Fargen på Bings gryte gjorde at Andreas Orheim måtte ta ein dukkert. Han tippar badetemperaturen var kring null grader.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det var faktisk ikkje så kaldt som ein skulle tru, ler Orheim.

Saman med familie og gode vener gjekk han på ski over Jostedalsbreen og kom fram til det heilt spesielle naturfenomenet Bings gryte mellom Jølster og Luster. Vanlegvis eit vindhol med snø og is, men den ekstreme varmen i mai har gjort gryta om til ei blå lagune.

– Vi snakka om at vi måtte bade viss det faktisk var mogleg, for det er ikkje ofte ein får den moglegheita. Til slutt var det berre ein som dukka under, seier Orheim.

Klatra ned til vatnet

Medan resten av turfølget fekk kalde føter, samla Orheim mot til seg. Kledd med stillongs og hanskar starta han på den mellom 10 og 15 meter lange turen ned til gryta. Nokre av turkameratane sikra den dristige karen med tau.

– Eg måtte vere sikker på at eg kom meg opp igjen. Vi var usikre på kor bratt og glatt det var. Ikkje minst med tanke på då eg skulle komme meg opp igjen.

1.607 meter over havet kastar Andreas seg ut i den iskalde gropa på Jostedalsbreen. Omgitt av snø og blåfargar i alle nyansar får han ei oppleving han tek med seg i minneboka.

– Det var ikkje akkurat varmt, men fargen var veldig flott. Det var som å vere på den finaste strand og ved det vakraste hav. Eg kan ikkje skryte på meg ein lang svømmetur, men eg var under med hovudet, seier Orheim.

Turgjengen som var med då Andreas Orheim bada i Bings gryte

TURGJENGEN: Her er heile det blide følgjet som var med då Andreas Orheim (i oransje som nummer tre før venstre) fekk seg eit bad han seint vil gløyme.

Foto: Eline Orheim

Danna av virvelvindar

Det er vindar som har skapt den flotte badehola, fortel breforskar og direktør ved Norsk bremuseum, John Brekke.

– Det er ei stor fin gryte der oppe. Den endrar seg, og den har vore veldig lita i nokre år. Det er virvelvindar som grev ut hola, seier han.

– Denne har veldig mykje blått vatn. Blått blir det fordi grønt, gult og raudt blir absorbert mykje meir av snøen og isen som ligg nedi der, då får du denne fantastiske fargen opp mot det kvite rundt.

Det spesielle naturfenomenet blei oppdaga av breentusiasten Kristian Bing for over 100 år sidan.

Sjølv har Orheim vore ved Bings gryte fleire gonger, men då har gropa vore snødekt.

– Det var mange på turen som er kjent med breen, og dei hadde aldri høyrt om nokon som har bada der, så det kan vere ein historisk dukkert, seier han.