Hopp til innhold

Her avsluttar Kygo Rio-OL

I pøsande regn opptredde Kyrre Gørvell-Dahll (24) i natt framfor eitt fullsett Maracanã i Rio.

OLY-2016-RIO-CLOSING

HISTORISK: Kygo og artisten Julia Michaels frå USA under avslutningsseremonien i Rio.

Foto: LEON NEAL / Afp

– Dette var fantastisk, skreiv Kygo på sin Twitter etter å ha stått på scena.

Han framførte sin nye singel «Carry me» saman med artisten Julia Michael. Songen er eit av spora på albumet Cloud Nine.

Showet blei følgt av millionar av sjåarar over heile verda. Over 90.000 tilskodarar var inne på Maracanâ stadion.

– Det største i karrieren

Det var eit tett program for bergensaren før han rakk fram i Rio. Sidan onsdag har han lansert ein kleskolleksjon og spelt konsertar i både Bergen og Oslo.

– Det blir den største framføringa i min karriere, sa 24-åringen då det vart kjent at han skulle opptre på avslutningsseremonien.

For å rekka seremonien, måtte han reisa i privatfly frå Bergen etter å ha spelt for eit utselt Koengen laurdag kveld.

Tokyo tok over OL-flagget

Seremonien avslutta offisielt dei 13 dagar lange olympiske leiker, kor over 11.300 utøvarar frå 206 forskjellige land deltok.

På slutten av showet vart det olympiske flagget overrekt frå IOC-president Thomas Bach til guvernøren i Tokyo, der OL i 2020 skal arrangerast.

OLYMPICS-RIO/CLOSING

Det var ein fargerik avslutningsseremoni i Rio i natt, som vart avslutta med eit storslått fyrverkeri.

Foto: PAWEL KOPCZYNSKI / Reuters