Her «riv» Frp-toppane sin tredje bomstasjon denne veka

HALSNØY (NRK): Øysamfunnet kunne i dag jubla for at tunnelen deira blei gratis seks år før tida. Siv Jensen fnyser av ordførarkritikk mot at Frp før bygginga stemte imot tunnelen.

Jon Georg Dale og Siv Jensen i lift

I VINDEN: I lift, nokre meter over bakken, fjerna samferdsleminister Jon Georg Dale og finansminister Siv Jensen bompengeskiltet ved Halsnøysambandet i Kvinnherad.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Torsdag reiv finansminister Siv Jensen (Frp) og samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) bomstasjonen på Tofte i Kvinnherad. Dermed blir Halsnøysambandet gratis for første gong sidan den undersjøiske tunnelen opna i 2008.

I Kvinnherad følger partileiaren dermed opp lovnaden ho kom med på Frp sitt landsmøte i mai. Med 200 millionar kroner betalar regjeringa ned låna til bompengepakkane Tverlandet-Godøystraumen i Bodø, Listerpakken i Agder – og Halsnøysambandet i Hordaland.

Like før klokka 13 torsdag stod Jensen og Dale for den høgtidlege «rivinga» av bomstasjonen, og like etter fekk den første bilen køyra gjennom Halsnøytunnelen utan å betala bompengar.

– Me har rive to bomstasjonar tidlegare denne veka. Eg håpar det blir mange fleire i tida som kjem, seier Jensen til NRK etter å ha fjerna bomstasjonsskiltet i lag med samferdsleministeren.

Siv Jensen og Jon Georg Dale river bomstasjon på Tofte i Kvinnherad

HIGH FIVE: Samferdsleminister Jon Georg Dale gir finansminister og partileiar Siv Jensen «high five» etter å ha fjerna bompengeskiltet på Halsnøysambandet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Har brukt tusen kroner i månaden på tunnelen

Fleire tusen innbyggarar får no gratis køyreveg til kommunesenteret. Ein av dei, Otto Johnsen, seier dette ein merkedag for privatøkonomien.

– Me har brukt i alle fall tusen kroner i månaden i elleve år på denne tunnelen, seier Johnsen, ein av fleire som møtte fram til markeringa.

Tunnelen bind mange øysamfunn saman med fastlandet i den geografisk spreidde kommunen. Då han stod ferdig i 2008, hadde tunnelen kosta 427 millionar kroner.

– Eg var her då tunnelen opna i 2008, så det er heilt naturleg å vera her når han blir gratis òg. Det er no me blir verkeleg knytte saman, seier halsnøybu Tor Bjelland.

– Frammøtet viser kor mykje dette betyr. Det er viktige transportårer som kostar mykje å passera, seier Siv Jensen.

Tor Bjelland og Otto Johnsen på bomstasjonriving på Halsnøy

GLEDE: Tor Bjelland og Otto Johnsen gler seg over at nedbetalinga no er over på Halsnøysambandet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Ville heller ha ferje enn bompengar

Berre nokre veker etter at Siv Jensen varsla gjennomslag for å riva bomstasjonar, sa Frp-kandidatar på Stortinget ja til å krevja inn 10 milliardar bompengekroner i nye vegprosjekt.

Historisk sett, når Frp har sete i opposisjon, har partiet alltid stemt ned bompengeprosjekt.

I 2003, då Stortinget tok stilling til om dei skulle bygga Halsnøytunnelen (ekstern lenke), ønskte Frp ein ny gjennomgang av prosjektet. Partiet føreslo å vurdera eit «alternativt opplegg for bompengeinnkrevjing og alternativ ferjeforbindelse mellom Skjersholmane – Sunde, samt andre former for finansiering og organisering av prosjektet».

Eit samla Frp stemte difor nei til tunnelen som statsrådane i dag feira er blitt gratis.

Hans Inge Myrvold, Kvinnherad Sp
Foto: Tale Hauso / NRK

Sp-ordførar: – Eit paradoks

– Det er eit paradoks, meiner fungerande ordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold (Sp).

Han reagerer på at regjeringa inviterer til markering og jublar over at eit prosjekt partiet ikkje støtta, no blir bompengefritt.

Jensen fnyser av kritikken.

– At Frp stemte mot å bompengefinansiera dette prosjektet, må ikkje overraska nokon. Heile poenget vårt er å byggja fleire vegprosjekt utan bompengefinansiering.

Myrvold meiner på si side at stemmegjevinga på Stortinget i 2003 viser at tunnelen aldri hadde blitt ein realitet dersom Frp hadde sete med makta.

Det avviser samferdsleministeren kontant.

– Viss me hadde regjert, hadde me allereie då teke vekk bompengane, slik me gjer no når me sit i regjering. Etter 16 års kamp, riv me no bomstasjonen. Det viser at me ikkje alltid har rett til å byrja med, men me får alltid rett til slutt.

Først i 2025 skulle tunnelen i utgangspunktet ha vore nedbetala.

Jon Georg Dale river bomstasjon i Kvinnherad Hordaland

BOM: Jon Georg Dale i lystig lag før skiltet blir tatt ned på Tofte i Kvinnherad.

Foto: Marte Rommetveit / NRK
Halsnøytunnelen