Hopp til innhold

Fryktar 50 polske arbeidarar skal knele eit pressa helsevesen i Fitjar

Verksemder kan framleis henta inn utanlandske arbeidarar. I Fitjar skaper det smittefrykt. Denne veka flytta 50 polske arbeidarar inn i denne brakkeriggen.

Brakkerigg på Årskog i Fitjar

KARANTENE: Dei 50 arbeidarane sit i karantene i 14 dagar i ein brakkerigg på Årskog, rundt to kilometer frå sentrum i Fitjar.

Foto: Ingvild Siglen Berger / Sunnhordland

Ordførar Harald Rydland fortel at uvanleg mange har teke kontakt med han dei siste dagane.

– Eg liker det ikkje sjølv. Det er krevjande å få 50 nye personar inn i eit lite lokalsamfunn med eit allereie pressa helsevesen, seier Rydland.

Fitjar kommune har litt over 3.000 innbyggarar. Dei har tre fastlegar, men nyleg sat to av desse i karantene. Ein tilsett ved den einaste sjukeheimen er smitta av koronavirus, og fleire tilsette der er også i karantene.

Samtidig fekk hjørnesteinsverksemda Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) inn 50 polske arbeidarar, som er sett i karantene i ein brakkerigg i 14 dagar.

Ordførar Harald Rydland

KREVJANDE: Ordførar Harald Rydland er uroa for det ekstra presset som no kjem på lokalt helsevesen.

Foto: Einar Stokstad Barane

Ber styresmaktene vurdera nasjonalt forbod

Lova gjer det mogleg å framleis henta arbeidarar frå EØS-land til Noreg.

– Det hadde vore lettare viss det var eit nasjonalt forbod mot å ta imot utanlandske arbeidarar no. Det bør ein vurdera, meiner ordføraren.

Næringsminister Iselin Nybø seier mange verksemder er i ein fortvilande situasjon med produksjonskutt og permitteringar.

– Alle må forholda seg til smittevernreglane. Det gjeld også verksemder som hentar inn arbeidarar frå utlandet, seier ho til NRK.

Tilsette er uroa

Hovudtillitsvalt Frode Halvorsen reagerer sterkt på at arbeidsgivaren hans hentar inn utanlandsk arbeidskraft i ein slik situasjon.

– Dette er helsemessig uansvarleg både av leiinga og styresmaktene, skriv han i ein e-post til NRK.

– Det er eit ultraparadoks at ein stor fotballbane ikkje kan brukast av to-tre born på dagtid og i friluft, medan ei verksemd som FMV kan henta inn 50–80 arbeidarar frå utlandet for å halde oppe produksjonen, ifølgje Halvorsen.

Fitjar mekaniske

REAGERER: Hovudtillitsvalt reagerer på at Fitjar mekaniske hentar inn utanlandsk arbeidskraft under korona-situasjonen. Bilete er frå arkivet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fleire verksemder har sendt heim sine utanlandske arbeidarar i samband med koronapandemien, blant dei Kværner i nabokommunen Stord.

NRK har fleire gonger prøvd å få kontakt med direktøren ved Fitjar mekaniske verkstad, men har ikkje fått svar.

Set inn vakter for å hindra smittespreiing

Fitjar kommune har kome med fleire krav om smittevern medan dei 50 polske arbeidarane er i karantene. Dei får blant anna ikkje besøka kvarandre på romma, og all mat blir frakta til brakkeriggen.

Kommunen set også inn vakter og reinhaldsarbeidarar frå laurdag. FMV meiner dei kan gjera dette sjølv, og har klaga på vedtaket.

Hovudtillitsvalt Frode Halvorsen seier dei vil følgja nøye med på korleis verksemda følgjer krava.

– Dersom me føler tiltaka ikkje blir følgde opp, har hovudverneombod mogelegheit til å stoppa produksjonen, seier han.