Hopp til innhold

Henta britisk familie på flyplassen – trur mann vart smitta av mutert virus i bilen

Tre dagar før regjeringa stoppa direkteflygingane frå Storbritannia kom eit britisk følgje på julebesøk til Noreg. Kommuneoverlege meiner mann i 50-åra blei smitta då han henta dei på flyplassen.

Ny COVID-19-teststasjon på Flesland

HENTA: Familien frå Storbritannia blei henta på Flesland. Mannen i 50-åra frå Bjørnafjorden hadde på seg munnbind, men blei likevel smitta i bilen.

Foto: Eivind Senneset / NTB

Tysdag melder Bjørnafjorden kommune at ein mann i 50-åra har fått påvist den britiske mutantvariasjonen av koronaviruset. To nærkontaktar av mannen har også fått påvist koronaviruset.

Smitten kom truleg med eit britisk følgje som skulle i julebesøk i kommunen, fortel kommuneoverlege Klaus Melf til NRK.

– Mannen blei truleg smitta i bilen heim frå flyplassen, trass i at det vart brukt munnbind, seier Melf til NRK.

Landa 18. desember

Den britiske familien landa på Bergen lufthamn Flesland 18. desember. Dei vart plukka opp av mannen i 50-åra.

Regjeringa stoppa direkteflygingane frå Storbritannia den 21. desember. Då reisefølgjet seinare testa seg 21. desember, viste det seg at ein av dei hadde korona.

Den engelske varianten av koronaviruset skal vere langt meir smittsam, og er ein av grunnane til at nordmenn no lever under strenge nasjonale smitteverntiltak.

NRK får opplyst at personane ikkje oppheldt seg saman, sett bort frå den 40 minuttar lange bilturen frå Flesland.

Familien frå Storbritannia var pålagt karantene og oppheldt seg i ein annan bueining.

– Då reisefølget kom seg ut av karantene, gjekk vertskapet i isolasjon. Dei har hatt veldig få kontaktpunkt. Jula vart ikkje som planlagd. Det har vore einsamt for både vertskapet og gjestane, seier Melf.

Meiner dei har kontroll

Den 2. januar fekk også mannen som henta dei på flyplassen påvist korona.

Dei to andre smitta i Bjørnafjorden er nærkontaktar av mannen i 50-åra, og vart testa 3. januar.

Desse testane er ikkje analysert for å påvise mutasjonen, men kommunen reknar det som heilt sikkert at også dei har hatt virustypen.

– Det ser ut som om smitten stoppa hjå oss. Vi har ingen grunn til å tru at virusvarianten har spreidd seg vidare frå desse tilfella, seier ordførar Trine Lindborg.

Det britiske reisefølget returnerte med fly til Storbritannia i førre veke, etter å ha vore symptomfrie i fleire dagar

Trine Lindborg, ordfører i Bjørnafjorden

KONTROLL: Ordførar Trine Lindborg har ingen grunn til å tru at virusvarianten har spreidd seg vidare frå desse tilfella,

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Var i tvil om nærkontakt

Då smittesporingsarbeidet byrja i Bjørnafjorden kommune, var dei i tvil om mannen i 50-åra hadde ein eller to nærkontaktar.

– Det var eit grensetilfelle, i og med at dei heldt to meter avstand, seier Melf.

Men sidan smitten kunne koma frå den smittsame varianten i Storbritannia, valte dei å også definere vedkommande som nærkontakt og setje han i karantene.

Dei var saman innandørs i over 15 minutt, men hadde to meter avstand.

Også påvist i Bergen

Også i Bergen er det påvist to separate tilfelle av det muterte koronaviruset. Vedkommande fekk det påvist for rundt ei veke sidan, opplyser smittevernoverlege Egil Bovim til NRK.

Det var BT som melde om tilfella først. Smitten har ikkje samanheng med det muterte viruset som er påvist i Bjørnafjorden kommune.

– Det er snakk om importsmitte, og vi meiner vi har kontroll. Desse personane har oppført seg heilt etter boka, seier Bovim.