Hent fram badebuksa – sommaren er tilbake

No blir det sommar i heile landet! Meteorologane lovar over 20 grader i heile Sør-Noreg, og enkelte plassar kan det verte opp mot 28 varmegrader.

Badende barn

SOMMAR OG SOL: Meteorologane lovar badevêr i mange dagar. I Oslofjorden er temperaturen i vatnet no 16 grader. I Bergen er badetemperaturen målt til 13 grader.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det er dagens gladnyheit frå dei som varslar vêret i Noreg.

– Vi må nyte vêret no, seier vakthavande meteorolog Kristian Gislefoss ved Meteorologisk institutt.

Sola kjem først til Vestlandet

Rett nok startar veka med litt skyer, litt regn og småkjølig dei fleste stader i Noreg. Men alt frå måndag skin det på opp på Vestlandet, før resten av landet følgjer etter utover i veka. Frå onsdag kan temperaturane passere 20 grader på Austlandet.

– På indre strøk av Austlandet kan vi ut i veka få temperaturar på mellom 25 og 28 grader, seier Gislefoss, som uansett lovar temperaturar godt over 20 grader i heile Sør-Noreg.

Men om vi får sjå 30-talet denne gongen, er meir usikkert.

– Det kjem an på to ting. Det er vinden og skydekket. Mogelegheita er der, men førebels vil eg seie at sjansen er under femti prosent.

Laster Twitter-innhold

Fint også i nord

Og vêrgudane er tydelegvis i skikkeleg godlune denne gongen. For Gislefoss kan nemleg love godvêr over heile landet.

– Vi må nok vente til fredag, før vêret vert meir stabilt og det vert slutt på bygene i Nord-Noreg. Mange stader i Nord-Norge vil då få temperaturar opp mot 20 grader, forklarar han.

Og på 10-dagarsprognosen på skjermen framfor seg, er det smått med mørke skyer i horisonten.

– Det er ingenting som tyder på vêret vil endre seg i denne perioden.

Og forklaringa på sommarvêret vi har i venta er enkel.

– Eit kraftig høgtrykk vil plassere seg utanfor Trøndelag og presse bort lågtrykka, forklarar Gislefoss.

Kristian Gislefoss

KLAR FOR SOMMAREN: Statsmeteorolog Kristian Gislefoss lovar sommarvêr over heile landet.

Foto: Anniken Celine Berger / Meteorologisk institutt

Tek turen på stranda

Sjølv utelukkar han ikkje ein tur på stranda og eit bad i Oslofjorden, der temperaturen i vatnet er målt til 16 grader.

– Eg må kanskje ta meg ein tur på stranda om det vert så varmt. Det vert å bruke mest mogeleg tid ute. Og så har eg jo eit oppvarma basseng til ungane som dei kan plaske i, fortel han.

– Er det varmt i lufta er det godt med ein dukkert sjølv om vatnet er litt kjølig. 16 grader er absolutt bra i starten av juni.

Varmen kan føre til flaum

Men som oftast har «medaljen» ei bakside. Høge temperaturar betyr stor snøsmelting på denne tida av året. Fleire stader i landet har NVE sendt ut oransje farevarsel for skadeflaum.

Årsaka er at det framleis er svært store snømengder i fjellet. Og Gislefoss fortel at det fort kan kome opp i 10–12 grader i høgfjellet på Sognefjellet og Finse.

Høge kantar med snø på Sognefjellet

SOGNEFJELLET: Store snømengder i fjellet kan i kombinasjon med høge temperaturar fører til skadeflaum.

Foto: Even Lusæter / nrk

Flaumvakt hos NVE, Péter Borsany, sa til NRK laurdag at flaumfaren kjem an på vêret.

– Sjølv om det er relativt store snømengder, så vil kaldt vêr føre til treigare smelting. Då blir det større vassføring, men ikkje ein storflaum. Viss det blir veldig varmt, så smeltar det fort og då kjem det ein større flaum, seier han.