Hopp til innhold

Henriette (25) trenar på å møta kravstore foreldre: – Eg blir heilt sveitt

Mange lærarstudentar får «praksissjokk» i møte med skulen. No får dei trening i å takle vaktsame foreldre.

Henriette Lien

ØVING: Henriette Lien går fjerde året på lærarutdanninga, men har berre vore med på ein foreldresamtale i praksis.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Eg blir heilt sveitt eg!

Henriette Lien går fjerde året på grunnskulelærar-utdanninga ved Høgskulen på Vestlandet på Stord.

I dag øver ho på å møte ulike foreldretypar. Medstudent Line Sand (25) spelar uroa mor, som ikkje gir seg med det første. Ho pressar Lien.

«Skulen må ta ansvar når ungen min er så mykje vekke frå timane», seier «mora».

Line Sand

UTFORDRING: Line Sand trur det blir ei utfordring, men ikkje eit problem, å møta kravstore foreldre i arbeidslivet

Foto: Eli Bjelland / NRK

«Praksissjokket»

Lærarutdanninga på Stord er dei første som tilbyr studentane eit kurs for betre å takla foreldre.

Det er Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) som står bak kurset.

Mange foreldre kontaktar dei med beskjed om at dei opplever dialogen med skulen som krevjande.

I fjor handla 125 av 442 førespurnader om nettopp dette, og temaet ligg heilt i topp på statistikken for rådgjevingar.

– Mykje av det kunne vore førebygd viss læraren hadde hatt kunnskapar og trening i å møta foreldra der dei er, i litt ulike og kanskje vanskelege situasjonar, seier seniorrådgivar Anette Nagelhus i FUG.

Ho og kollega Asbjørn Tolo meiner møtet med foreldra føyer seg inn i det såkalla «praksissjokket», som skremmer mange nyutdanna frå læraryrket.

Asbjørn Tolo

LÆRAR: Asbjørn Tolo møter mange lærarstudentar som seier at dei ikkje har øvd på foreldrekontakt. – Eit godt samarbeid med foreldra er positivt både fagleg og sosialt.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Dette er ei av dei største utfordringane dei nyutdanna møter. Dei har kanskje ei teoretisk tilnærming, men det å få øvd og følt på korleis ein er som fagperson i møte med dei enkelte foreldra, er nytt for dei. Og det kan bli ei form for sjokk, seier Tolo.

– Alle vil det beste for barnet sitt

Både FUG og Utdanningsforbundet peikar på at har kome fleire rettar inn i skulen dei siste åra.

For fem år sidan blei retten til eit trygt og godt skulemiljø lovfesta.

– Dette skal jo skulen kommunisera ut. Kva rettar elevane har, både når det gjeld opplæring, spesialundervisning, og at dei skal trivast og ha det bra på skulen. Det er klart at då blir ein jo meir på vakt rundt sine eigne barn, seier Asbjørn Tolo.

Marit Himle Pedersen, som sit i sentralstyret i Utdanningsforbundet, seier det er behov for dialog om kva som er foreldra sitt ansvar og kva som er skulen sitt ansvar.

– Det er eit teikn i tida at alt skal leggast til rette for den enkelte. Det er store krav i samfunnet, og alle vil det beste for barnet sitt, seier ho.

Kan føra til at lærarar sluttar i jobben

Pedersen møter studentar som fortel om lite praksis i foreldresamtalar, og at det kan gi eit sjokk når dei kjem ut i arbeidslivet.

– For læraren sin del kan svikt i relasjonen mellom foreldre og lærar føre til at ein fell frå yrket, rett og slett, seier Pedersen.

Ho etterlyser meir trening og at det blir sett av nok tid til samarbeidet mellom heim og skule.

Kunnskapsdepartementet har som mål å gjera lærarutdanninga meir praksisnær, men meiner også at rammeplanane for utdanninga er klar.

Der står det at dei som blir uteksaminerte skal kunna «initiera og vareta eit godt skule-heim-samarbeid». Det betyr at alle lærarstudentane skal kunna dette når dei kjem ut som lærarar, seier statssekretær Oddmund Hoel (Sp).

Det er universiteta og høgskulane sjølve som må forma ut undervisningsopplegga for sine studentar.

Henriette Lien og Line Sand

ULIKE FORELDRE: Henriette Lien og medstudentane går inn i ulike lærar- og foreldreroller for å øva seg på fleire situasjonar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Berre ein foreldresamtale på fire år

Lærarstudentane på Stord har hatt fleire praksisperiodar dei siste fire åra, men har møtt få foreldre.

– Eg har hatt veldig lite trening i foreldrekontakt. I den siste praksisperioden fekk eg vera med på ein foreldresamtale, og det var veldig nyttig. Det gjorde meg litt tryggare, seier Henriette Lien.

– Fryktar de at de skal møta kravstore foreldre når de kjem ut i jobb?

– Det er jo noko me tenkjer på. Det er ikkje slik at me nødvendigvis går rundt og er redde for å møta foreldre, men me må vera førebudde på at ting kan bli vanskelege. Det er ei utfordring, ikkje eit problem, seier Line Sand.