Henny (95) mistar nattevakta si – hjelpa vil vere 40 minutt unna

DAVIK (NRK): Kommunen har kutta nattevakta ved omsorgssbustaden i den vesle bygda. Dersom uhellet er ute, kan hjelpa vere 40 minutts køyretur unna for Henny og dei andre bebuarane.

Henny Lillebø, bebuar ved Klokkartunet i Davik

REDD: Henny Lillebø (95) bur på Klokkartunet på Davik. Ho likar dårleg at dei i stor grad blir overlatne til seg sjølve om nettene.

Foto: Eirik Jonhsen / NRK

– Skjer det noko på natta må vi ut på bygda og hente folk. Dette er svært dårleg gjort, seier bebuar Henny Lillebø (95).

På omsorgsbustaden Klokkartunet må bebuarane no klare seg sjølve om natta. 1. mars vart nemleg nattevakta fjerna.

Kommunen meiner det ikkje er behov for nattevakta. Dersom tryggleiksalarmane går, skal nattevakter i nabobygdene komme til unnsetning.

Då kan det ta opp mot 40 minutt før hjelpa er framme.

– Vi er redde for å ikkje få hjelp. Når vi begynner å bli såpass gamle kan litt av kvart skje, også om nettene, seier Lillebø.

No mobiliserer lokalsamfunnet med demonstrasjon, aksjonsgruppe og underskriftskampanje.

Lysmarkering, Klokkartunet på Davik

MARKERING: Måndag var det stille lysmarkering utanfor omsorgsbustadane på Davik.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Uroa for bestemor

Innsparingar på opp mot 300.000 kroner ligg til grunn for avgjerda. Vedtaket har sett sinna i kok.

Måndag møtte rundt 50 personar opp til stille lysdemonstrasjon på Davik.

– Vi har køyrd eins ærend frå Bergen. Eg har bestemor mi her og vil at ho skal kjenne seg trygg, seier pårørande Hilde Orheim Aguilera.

Hilde Orheim Aguilera

PÅRØRANDE: Hilde Orheim Aguilera hadde tatt turen frå Bergen for å vise støtte til bebuarane på Klokkartunet.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Ordførar Anne Kristin Førde (Ap) seier at dette er ei omgjering, men understrekar at tilbodet om nattevakt ikkje er fjerna.

– Tilsette på omsorgssenteret i Svelgen svarer dersom tryggleiksalarmen går, og dei gjer vidare ei vurdering for å gi hjelpa det er behov for, seier ho, og held fram:

– Vi har ikkje tatt vekk all natteneste, vi har endra på nattenesta frå ei kvilande vakt til ei heimebuande nattevakt.

Kommunalsjef Randi Ytrehus har tidlegare uttalt til Fjordenes Tidene at ho meiner omorganiseringa er forsvarleg. Då trekte ho også fram krava for å få tildelt leilegheit på Klokkartunet.

– Eit av kriteria er at bebuarane ikkje treng tenester om natta, sa ho.

AVSTAND: Dersom tryggleiksalarmane går skal nattevakter i nabobygdene komme til unnsetning. Då kan det ta opp mot 40 minutt før hjelpa er framme.

Ulike nivå i kommunen

Brørne Hans og Svein Bakke har nær familie på Klokkartunet. Også dei er kritiske.

– Dette er folk som høyrer dårleg og har vanskeleg for å orientere seg om natta, seier dei.

Svein har tidlegare vore brannsjef i Bremanger kommune.

– Dersom noko skulle skje, eller det startar å brenne, kan det bli farleg for dei som bur her, seier han.

Ordføraren forstår at endringa kan skape uro, men viser til kva som er kommunen sitt ansvar.

– Når dei bur i ein omsorgsbustad er det ikkje krav om utrykking eller responstid. Dei som har behov for dette må opp på eit anna nivå, til institusjon, forklarar ho.

Anne Kristin Førde, ordførar Bremanger

FORSVARAR ENDRING: Ordførar Anne Kristin Førde (Ap) meiner endringa ikkje vil svekke tenestetilbodet for dei eldre i kommunen.

Foto: Bård Siem / NRK

Kuttar i varme måltid

Det er truleg ikkje berre nattevakta som forsvinn frå bygda. Kjøkkenet er foreslått lagt ned, og då er det slutt på kortreist og fersk middag.

No skal den komme frå andre kjøkken i kommunen. Ei arbeidsgruppe er sett ned, og eit forslag vil bli lagt fram for formannskapet.

– Her er veldig godt å vere, men visst dei no skal skjære ned både på det eine og det andre så blir det trasig, seier Lillebø.

Ho er takksam og rørt over engasjementet måndag, men er usikker på om dei klarer å få politikarane i kommunen til å snu.

– Dei er ikkje så enkle alltid, slår ho fast.

Klokkartunet i Davik
Foto: Kjell Askeland