Hopp til innhold

Hennie skadd under filminnspeling

Skodespelaren Aksel Hennie (36) blei lettare skadd i ei bilulykke under innspeling av filmen Pioner.

Video Aksel Hennie

SKADD: Aksel Hennie blei frakta vekk i ambulanse (Arkiv).

Foto: Nyhetsspiller

Hennie sat sjølv bak rattet under innspeling av ei biljakt, skriv Se og Hør.

Ulykka skjedde i Modalen kommune i Hordaland.

Fekk skrens på bilen

Taket på bilen fekk ein kraftig bulk.

Ifølgje Se og Hør, som var til stades under innspelinga, blei Hennie frakta vekk frå staden i ambulanse.

– Han fikk litt for mykje skrens på bilen, så den tok kollbøtte og hamna på hjula igjen, seier produsent Christian Fredrik Martin til VG

Ifølgje filmprodusent Petter Borgli i skal Hennie vere lettare skadd. Han seier til NRK.no at dei vil halda fram med filminnspelinga etter ulukka.

Skodespelaren er blitt sjekka av lege, og skal fortsetja opptaka i løpet av dagen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet var på staden

Politiet stadfestar overfor NRK.no at det skjedde ei ulykke ved Modalstunnelen i Modalen.

– Politiet var til stades og sperra av vegen medan sjølve innspelinga gjekk føre seg. Ein person er lettare skadd etter at bilen snurra rundt, seier politioverbetjent Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Fordi vegen var sperra av, blir ikkje ulykka rekna som ei trafikkulykke.

– Vi etterforskar dette som ei arbeidsulykke, seier Vangberg.

Thriller om oljeeventyret

Ifølgje Filmweb er Pioner ein thriller frå starten av det norske oljeeventyret.

NRK var med då Hennie dykka ned til 400 meter for å førebu seg til rolla som nordsjødykkar i filmen.

Filmen skal etter planen ha premiere i september neste år.

Aksel Hennie dykkar i "Pioner"

SJÅ VIDEO: Aksel Hennie dykkar i 'Pioner'.