Hopp til innhold

Heltar heidra i Høyanger

Heidra etter heltmodig innsats i omsorgsbustad natt til 4. januar 2009.

Even-Asle Eide Simonsen (f.v.) og Jarle Berge får heltefondet frå ordførar Kjartan Longva.

Even-Asle Eide Simonsen (f.v.) og Jarle Berge får heltefondet frå ordførar Kjartan Longva

Foto: Steinar Lote / NRK

I dag fekk dei to redningsmennene gullmedalje frå Carnegie Heltefond i Norge for innsatsen dei gjorde dagen då omsorgssenteret stod i brann.

Heidra

  • SJÅ:
    Video nsps_upload_2009_1_5_10_4_53_1480.jpg
    Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Brannmannskap, politi, ordførar Kjartan Longva og dei eldre på omsorgssenteret var med då heltane fekk medaljane på jakka.

Longva las høgt frå Heltefondet si vurdering av dei to, og delte deretter ut diplom og gullmedaljar.

  • SJÅ:
    Video nsps_upload_2009_1_5_8_1_33_1477.jpg
    Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Begge redningsmennene sågrøyken frå omsorgsbustaden i Høyanger. Dei melde frå om brannen til alarmsentralen, og sprang raskt frem til brannstaden. Der var det allereie synlege flammar i tredje etasje.

Tenkte ikkje på seg sjølv

- Utan tanke på eigen tryggleik, og med hjelp frå andre, klatra dei opp via ein vinglete stige. Med ein utroleg innsatsvilje klarte dei å redde dei eldre som umulig kunne redda seg sjølv, las Longva.

Vidare i begrunnelsen står det at dei saman med mannskap frå brannvesenet og andre, var redningsmennene med på å redde seks-sju eldre.

Trassa politiet

Brannen herja i romma innanfor ein verande og under redningsarbeidet raste delar av taket ned. Politiet og brannvesenet bad redningsmennene om å gje opp redningsarbeidet etter ei tid.

Heldigvis oppfatta ikkje redningsmennene oppmodinga, dei heldt fram redningsaksjonen til alle var i trygg forvaring.

Redningsmennene utførde ein utruleg innsats. Å redde menneske i aldersgruppa 75-90 år via ein delvis vinglete stige, med røyk og flammar heilt inn på kroppen, krev stort mot og innsatsvilje, utan tanke på eigen tryggleik og med stor fare for deira eige liv.

Even-Asle Eide Simonsen og Jarle Berge blir belønna med gullmedalje og diplom.

Brannheltar heidra i Høyanger
Foto: Steinar Lote / NRK