Hopp til innhold

Helsesjukepleiarar må jobbe med korona: – Går utover tida me skulle brukt på ungane

Helseministeren bad kommunar om å ikkje flytta helsesjukepleiarar frå skulane til koronatesting. Likevel skjer det i fleire kommunar – sjølv om kommunane ikkje har smitteutbrot.

Helsesykepleier pakker prøvene og gjør de klar til å sendes til sykehuset.

BIDRAR: Fire helsesjukepleiarar er henta inn i arbeidet med smittesporing i Bergen. Bildet viser ein helsesjukepleiar som pakker koronaprøver som skal sendast til sjukehuset.

Foto: Marit Hommedal

Helsesjukepleiarar blir framleis sette til smittesporing og testing i både store og små kommunar.

Det skjer trass i at helseministeren allereie i mai bad kommunane om å unngå å omdisponera helsesjukepleiarar som jobbar med barn og unge.

– Barn og ungdomar treng stabile rammer. Det får dei ikkje når helsesjukepleiar brått forsvinn, og ein ikkje veit kva tid ho eller han kjem tilbake på jobb, seier leiar i Landsgruppa for helsesjukepleiarar, Ann Karin Swang.

Ann Karin Swang, leder i Landsgruppen for helsesykepleiere.

STABILE RAMMER: – Kommunane har eit ansvar for å finna andre løysingar, som ikkje går utover tilboda til barn og unge leiar Ann Karin Swang i Landsgruppa for helsesjukepleiarar.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Ikkje drop-in

Sveio er ein av kommunane som bruker helsesjukepleiarar på testsenteret. På Sveio skule har helsesjukepleiaren måtta kutta talet på dagar ved skulen frå fire til to.

– Helsesjukepleiaren har ikkje lenger moglegheit til samtalar som ikkje er avtalte på førehand, såkalla drop in-møte, seier rektor Ben Jerry Ellingsen.

Det var avisa Vestavind som skreiv om saka først.

Kommunalsjef Ingunn Toft vedgår at situasjonen ikkje er optimal.

– Me jobbar med ulike løysingar, men veit ikkje om det er på plass innan kort eller lang tid. Me kan ikkje berre lysa ut stillinga eksternt med den økonomien me har i dag, seier Toft.

Bent Høie

UNNGÅ OMDISPONERING: Helseminister Bent Høie (H) bad allereie i mai kommunane om å unngå å omdisponera helsesjukepleiarar som jobbar med barn og unge. Likevel blir helsesjukepleiarar framleis sette til smittesporing og testing.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

To av tre helsesjukepleiarar opptekne

I Askvoll kommune har to av tre helsesjukepleiarar fått ansvar for smittesporing. Det betyr at helsestasjonen er stengt for konsultasjonar ein dag i veka.

Trass i at det ikkje er eit pågåande smitteutbrot no, må helsesjukepleiarane bruka tid på å læra seg det nye systemet.

– Me sa ja til dette, men eg ser jo at det går utover tida me skulle brukt på ungane, seier leiande helsesjukepleiar Mona Lind.

Heile helsestasjonen må stengast dersom Askvoll får eit smitteutbrot.

Kommunalsjef Stein Helle i Askvoll kommune vedgår at dette er i strid med føringane dei har fått frå helsestyresmaktene.

Årsaka er ressursmangel, men han er open for å sjå på andre løysingar.

– Dette arbeidet skal ikkje gå utover sårbare grupper, seier han.

Også i Bergen er fire helsesjukepleiarar henta inn i arbeidet med smittesporing. Det finst inga nasjonal oversikt over kor mange kommunar som omplasserer helsesjukepleiarar.

Koronatesting ved Bergen legevakt

MANGLAR OVERSIKT: Det finst ingen nasjonal oversikt over kor mange kommunar som omplasserer helsesjukepleiarar.

Foto: Marit Hommedal

– På tide at nokon overtek

Helsesjukepleiarar har smittesporing som fagfelt, og var naudsynte då koronaviruset festa grepet i mars.

Landsgruppa for helsesjukepleiarar meiner det er på tida at nokon andre no overtek.

– Kommunane har eit ansvar for å finna andre løysingar, som ikkje går utover tilboda til barn og unge, seier leiar Ann Karin Swang.

Ho fryktar at lovpålagde oppgåver no ikkje blir gjort, og at ungane ikkje får det tilbodet dei har krav på.

Anne Grethe Erlandsen

KLAR BESKJED: Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helse- og omsorgsdepartementet seier at det er gitt klar beskjed om at tilsette i skulehelsetenesta og helsestasjonane ikkje skal omdisponerast til prøvetaking.

Foto: GURO LANGEHAUG GRØNN / NRK

– Har gitt klar beskjed

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helse- og omsorgsdepartementet seier at det er gitt klar beskjed om at tilsette i skulehelsetenesta og helsestasjonane ikkje skal omdisponerast til prøvetaking.

– Dette forventar vi at kommunane følgjer. Ingen barn og unge skal møta ei lukka dør hos helsesjukepleiar når dei strevar eller lurer på noko.

Kommunane må kunna testa inntil 5 prosent av befolkninga per veke.

– For å nå dette målet må kommunane rekruttera eige personell, ikkje omdisponera helsesjukepleiarar, seier Erlandsen.