Hopp til innhold

Slik vart Visma-feilen oppdaga: Kommunen varsla ikkje vidare på to månadar

Personvernombod meiner kommunen burde varsla Datatilsynet allereie i mars. Frå feilen vart oppdaga til den vart retta gjekk seks meldingar tapt.

Familiens hus i Bergen

FAMILIENS HUS: Barnevernet i Bergen held mellom anna til på Familiens hus, samlokalisert med helsestasjon for barn og unge.

Foto: Entra

«Ekstremt alvorleg».

«Potensielt katastrofal feil».

Slik skildrar høvesvis Datatilsynet og barneombodet svikta som gjorde at varslingar til barnevernet ikkje kom fram.

244 norske kommunar kan vera råka og minst 24 meldingar er tapt berre i Bergen.

Høyrde ingenting frå barnevernet

Feilen vart avdekka då ein helsesjukepleiar i Bergen skulle varsla om forholda heime for to barn. Situasjonen var alvorleg, meinte sjukepleiaren, som sende eit varsel til barnevernet 1. februar i år.

Det viser avviksmeldinga Bergen kommune sende til Datatilsynet, som NRK har fått innsyn i.

Les også Varslingar til barnevernet har forsvunne: Ministeren varslar nasjonal gransking

Statsråder møter Fornybar Norge, Distriktsenergi og Samfunnsbedriftene

Kort tid etter fekk ho kvittering på at meldinga var sendt.

Men over ein månad seinare, 10. mars, oppdaga ho at ho ikkje hadde høyrt noko meir frå barnevernstenesta.

Ho tok derfor kontakt med mottaket hos barnevernet. Der stadfesta dei at dei ikkje hatt fått meldinga inn i systemet sitt.

Ytterlegare ein månad seinare, 12. april, tok barnevernstenesta kontakt med KS for å melda om avviket.

Den 8. mai, to månadar etter at feilen vart oppdaga, opprettar Visma sak.

I mellomtida har minst seks bekymringsmeldingar forsvunne.

Skal sendast inn innan 72 timar

Knut Schjerven Roald er personvernombod i Bergen kommune. Han sende avviksmelding til Datatilsynet om hendinga.

– Dette er ei alvorleg sak. Her må me sjå på rutinane våre. Det er lovfesta at slike feilmeldingar skal sendast inn til Datatilsynet innan 72 timar. Her tok det to månadar.

Han legg til at avviket viste seg å vera meir alvorleg og i større omfang enn ein først trudde.

– Det eg reagerer på er at ein ikkje fekk meldt inn avviket tidlegare. Det har tatt for lang tid, seier Roald.

Datatilsynet har ikkje noko kommentar om at det tok to månadar før det vart oppdaga til det vart varsla.

– Dette skal me sjå nærare på når me behandlar saka, skriv kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl til NRK.

Rune Bakervik

Byrådsleiar Rune Bakervik kallar situasjonen med svikt i systemet for svært alvorleg.

Foto: NTB / NTB

Bekymringsmeldingar har forsvunne

Det var Bergen kommune som måndag informerte om feilen i varslingssystemet til barnevernstenesta.

Enkelte bekymringsmeldingar har blitt sletta, utan at barnevernet har fått varselet. Den som varsla har likevel fått melding om at varselet er mottatt.

Det er 244 kommunar som nyttar systemet «Familia», som er laga og drifta av Visma.

I Bergen er kommunen kjend med 24 meldingar som har forsvunne. Tre av dei er spora opp, dei resterande er framleis ukjende for barnevernet, både når det gjeld innhald og personar.

– Det betyr at me har barn i byen som nokon har ynskja å melda bekymring om, men som me ikkje har blitt varsla om, seier barnebyråd Line Berggreen Jacobsen.

Line Berggreen Jacobsen i Ap

Barnebyråd Line Berggreen Jacobsen seier ho ser alvorleg på situasjonen.

Foto: NTB

Ho seier ho blei orientert om situasjonen førre torsdag. Feilen er no retta og dei jobbar med å få oversikt over kor mange som er råka.

– Bergen kommune ber alle som har sendt bekymringsmelding i denne tidsperioden om å ta kontakt, sjølv om dei har fått melding om at bekymringa er registrert, seier ho.

Kommunen skriv at sjølv om Visma-feilen ikkje førte til store konsekvensar for barnet, kunne det under andre omstende fått alvorlege konsekvensar.

Hei!

Eg har dekka saka om dei forsvunne barnevernsvarsla. Er du råka av feilen? Har du informasjon eller tips i saka?