Hopp til innhold

Helsesektoren fråverande under beredskapskonferanse: – Beklageleg, seier fylkesmannen

Helsesektoren var fråverande då Flora kommune og fylkesmannen inviterte til beredskapskonferanse sist onsdag.

Anne Karin Hamre og beredskapskonferanse

VANSKELEG: Fylkesmann Anne Karin Hamre seier det er vanskeleg å få til samhandling på tvers for beredskapsaktørane.

Foto: Hildal/Oldeide / NRK

– Det viser igjen kor viktig og kor vanskeleg det er å få til samhandling på tvers. Så det må alle vi som var her ta inn over oss. Vi må leggje oss i selen for å planleggje i lag og leggje vekt på at vi ønskjer ei tverrfagleg deltaking. Det seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Konferansen hadde hovudfokus på politi- og brannberedskap, men Hamre seier helsesektoren er ein svært viktig medspelar i all beredskap, og burde vore der.

Hadde planlagt noko anna

Jan Petter Sæbø

TRENG PLANLEGGING: Jan Petter Sæbø m, beredskapssjef i Helse Førde meiner ein bør planleggje betre og i god tid om ein skal få med alle på eit møte.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Og når vi konfronterer beredskapssjefen i Helse Førde, Jan Petter Sæbø med deira fråvære på ein konferanse om beredskap der dei er ein av dei viktige etatane, beklagar han at dei ikkje var der, men seier det hadde ei forklaring.

– Vi vart invitert til å delta på denne konferansen, men datoen som var sett opp den var heilt umogleg for oss på grunn av anna planlagd aktivitet som vi ikkje kunne endre på. Så vi hadde sjølvsagt stilt på konferansen om vi hadde hatt moglegheit. Det er beklageleg, men sånn er det av og til, seier Sæbø.

– Ei klar utfordring

Fråværet av helse-etaten på konferansen i Florø tysdag der statssekretær Hans Røsjorde i Justisdepartementet var ein av deltakarane, har sin parallell til den nasjonale helseberedskapskonferanen i Loen midt i september. Då var det politiet det ikkje passa for.

– Det er ikkje godt nok. Vi må eigentleg starte på toppen. Her fekk helsedirektoratet med seg ei klar utfordring når det gjeld neste års helsekonferanse. Då bør dei prøve å invitere politidirektoratet og direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap til ein felles samvirke konferanse, seier Hamre.

Ropar på meir samhandling

Sett utanfrå er det eit paradoks at når alle store ulukke- og katastrofeøvingar viser at den største utfordringa er samhandling mellom dei ulike etatane, så er det vanskeleg å samle alle etatane til felles diskusjon om desse utfordringane. Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner ho har forklaringa.

– Det er fordi det norske samfunnet er veldig sektor-delt inn. Staten er sektor-delt inn med sine departement og direktoratet, og det forplantar seg nedover, forklarar ho. Hamre stiller seg bak eit sitat frå tidlegare riksrevisor, Jørgen Kosmo:

«Mangel på samordning og samhandling er den største forvaltningspolitiske utfordringa i dagens Norge»

– Det er så mange område som ropar på meir samhandling på tvers, seier Hamre.

Treng tid til planlegging

– Men kvifor sit då kvar enkelt etat for seg sjølv?

– Det er fordi det er ofte det ein vert målt på. Altså kva ein gjere for sin eigen sektor. Og viss ein skal bruke tid på å samhandle med andre, så tek det tid, ressursar og går kanskje ut over det som er hovudarbeidsfeltet.

Beredskapssjefen i Helse Førde, Jan Petter Sæbø er samd med fylkesmannen, og svarar slik på spørsmålet om vi slit med gamle kulturar.

– Eg trur at det er så mange konferansar og aktivitet, at skal ein klare å få dette til, så må det koordinerast og planleggast i god tid. Det er mykje som skjer, og det er positivt, men det har ikkje vore tradisjon på eit nasjonalt nivå å ha desse møta. Her i Sogn og Fjordane har vi i seinare tid møttest mykje oftare. Men det tek tid om ein skal få det til, seier Sæbø.