Hopp til innhold

Helseministeren i tenkjeboksen

Helseminister Bjarne Håkon Hansen er i tenkjeboksen om kven som skal betale helseundersøkinga etter Vest-Tank eksplosjonen. Det melder Bergens Tidende.

Bjarne Håkon Hansen
Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Det har vekt reaksjonar at helsedirektoratet vil at Helse Vest skal betale for undersøkingane av innbyggarane i Sløvåg . Fleire har fått helseplager etter Vest-Tank ulukka. Folk vart kvalme, fekk hovudverk, sår hals og redusert smakssans.

Plagene forsvann ikkje

Folkehelseinstituttet konkluderte med at helseplagene ikkje ville vere skadelege på lang sikt, og at det truleg var lukta saman med stress som gjorde folk sjuke. Men plagene forsvann ikkje , og etter kraftig press frå lokalbefolkninga, lovde miljøvernminister Erik Solheim nye undersøkingar då han vitja Gulen kommune i 2008.

Tolkar svaret positivt

Det er stortingsrepresentant Øyvind Halleraker som har stilt spørsmål til helseministeren om kven som til slutt skal betale undersøkinga.

- Eg vel å tolke statsråden sitt svar positivt, seier Halleraker til avisa.
Helse Bergen reknar med at helseundersøkinga, som skal vare fram til 2013, vil koste 22,4 millionar kroner.