Hopp til innhold

Helseministeren meiner 🍹-emoji er alkoholreklame. Frp: – Tullete byråkratisk idioti

Ein bar fekk prikkbelastning frå skjenkekontrollen fordi ein invitasjon til nissefest inneheldt emoji av ein drink. Saka har enda i Stortinget, og helseministeren støttar kontrolløren.

Drink-emoji i bar-invitasjon

ULOVLEG REKLAME: Helseministeren slår fast at ein ikkje kan omgå alkoholreklameforbodet ved å bruka illustrasjonar.

Foto: Montasje/skjermbilde

Det var midt i desember at bareigar Anders Helvik Kristensen i Rosendal delte eit facebook-innlegg der han inviterte til nissefest.

Då skjenkekontrollen kom på besøk nokre dagar seinare, fekk baren éin prikk for å ha reklamert for alkohol.

Invitasjonen inneheldt nemleg ein emoji av ein oransje drink med sugerøyr og lime, etter teksten om at «kanskje kommer nissen innom med noen godsaker til folket».

– Trudde det var kødd

Kristensen var oppgitt.

– Eg trudde først det var tull. Er det kødd, tenkte eg, sa Kristensen til NRK.

Saka traff også ei nerve i Framstegspartiet. Stortingsrepresentant Helge André Njåstad reagerte og stilte eit skriftleg spørsmål til helseminister Ingvild Kjerkol (Ap):

«Er statsråden einig i at ein emoji er alkoholreklame?»

muntlig spørretime

Helge André Njåstad (Frp) kallar emoji-straffa idiotisk byråkrati.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– At me i det heile tatt har forbod mot å reklamera for heilt lovlege produkt, er jo heilt idiotisk, seier Njåstad på telefon frå ein bar på Sørlandet med Cola Zero i glaset.

Helseministeren: – Anses som alkohol-reklame

Tidlegare på dagen hadde Njåstad fått svar frå helseministeren. Ho skreiv:

«Når det gjelder spørsmålet om bruk av emojier er å anse som alkoholreklame, må dette vurderes konkret fra sak til sak. Alkoholreklameforbudet kan ikke omgås ved bruk av illustrasjoner eller lignende. Det avgjørende vil være om kommunikasjonen har til formål å fremme salg av alkohol.»

Bar-On sitt innlegg som førte til prikk av skjenkekontrollen. Baren skriv at nissen knaskje innom med godsaker til folket, etterfølgt av ein drink-emoji.

Bar-On sitt innlegg som førte til prikk av skjenkekontrollen. Baren skriv at nissen kanskje kjem innom med godsaker til folket, etterfølgt av ein drink-emoji.

Foto: Skjermdump Facebook

Ho konkluderte slik:

«Dersom det foreligger massekommunikasjon i markedsførings-øyemed, vil informasjonen, herunder alkoholrelaterte emojier, være å anse som alkohol-reklame etter alkoholregelverket.»

Og om prikkbelastning skreiv Kjerkol:

«Dersom kommunen kommer til at reklameforbudet i alkoholloven er overtrådt, følger det av alkoholforskriften at skjenkestedet skal tildeles én prikk for overtredelsen.»

Ingvild Kjerkol på Stortingets talerstol

Helseminister Ingvild Kjerkol seier alkoholrelaterte emojiar i massekommunisert marknadsføring er alkohol-reklame.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Plagar næringslivet

Njåstad kallar svaret «utruleg skuffande».

– Ho svarar jo som ein byråkrat. At ho forsvarar at ein emoji er alkoholreklame er stikk i strid med sunn fornuft, seier han.

– Kva når ein bar lokkar med «godsaker»?

– Ifølge Kjerkol og kontrolløren er det tydelegvis det, men folk flest trur eg syns dette er tullete.

– Men «alle veit» at reklame for julebrus eller alkoholfri øl eigentleg er reklame for juleøl og anna øl?

– Me har for mykje reglar i dette landet. Når ein brukar tid og ressursar på å plaga næringslivet på denne måten, reagerer eg. Næringslivet har hatt knalltøffe år med korona, slit med skattar og avgifter, og får i tillegg ein kontrollør som gir prikk for ein emoji. Då syns eg synd på næringslivet. Me må heia på dei som skapar arbeidsplassar og aktivitet, seier Njåstad.

Les også: Baren inviterte til nissefest med 🍹-emoji – fekk prikk av skjenkekontrollen

Bar On fikk prikk for bruk av emoji i deletekst
Bar On fikk prikk for bruk av emoji i deletekst