Helseføretaket må sjå på bemanning
Innsparingstiltaka Helse Førde har sett i verk har gjeve resultat, men ikkje nok. Alt tyder på at føretaket vil mangle kring 100 millionar kroner ved inngangen til neste år.
– Blant anna ser vi at overtidsbruken i år er redusert med 17000 timar, og vi har avvikla sommarferieperioden med 9300 færre timar enn i fjor. Helse Førde vil likevel ikkje klare å møte resultatkravet på 20 millionar kroner i 2023, seier administrerande direktør Arve Varden i ei pressemelding.
Utan signal frå sentrale styresmakter om at rammene blir auka, ser ikkje helseføretaket anna råd enn å vurdere ytterlegare sparetiltak.
– Det betyr at vi må sjå på bemanning, planlagde investeringar og organisasjonen vår, seier Varden.
– Dette kan omfatte tiltak som vil vere meir inngripande enn kva vi har sett så langt, legg han til.
Neste år tek Helse Førde i bruk det nye 13.000 kvadratmeter store Livabygget, med dei kostnader dette fører med seg.
– Dersom vi ikkje greier å tilpasse kostnadene til dei økonomiske rammene vi har, kan framtidige investeringar måtte utsetjast. Situasjonen er alvorleg, og neste års budsjett vil bli svært stramt, seier Varden.