Hopp til innhold

Vaksinert helsearbeidar innlagd på Haukeland sjukehus med blodpropp

Ein helsearbeidar som fekk koronavaksine for eit par veker sidan, er innlagd på Haukeland universitetssjukehus med blodpropp i lungene.

Haukeland universitetssjukehus

BLODPROPP: Helsearbeidaren ligg på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Dette er ein tidlegare frisk person som no har fått påvist blodpropp i begge lungene, seier fagdirektør i Helse Bergen, Marta Ebbing.

Pasienten fekk AstraZeneca-vaksinen mot covid-19 for eit par veker sidan, og vart innlagd i dag.

– Vedkommande er helsearbeidar, men ikkje tilsett i Helse Bergen.

Fagdirektøren kan ikkje seie noko meir om tilstanden til pasienten.

– Me kan ikkje vite om blodpropp i dette tilfellet skuldast vaksinen, men me måtte registerere det som ein uventa, mogleg vaksinebiverknad.

Ein av fem er vaksinert

Det er om lag 13.000 tilsette i Helse Bergen. Helseføretaket har totalt ansvar for å vaksinere om lag 15.000 helsearbeidarar i sitt område. Til no er 3.246 fått første dose. Den siste var fredag 5. mars.

– Me har hatt eit veldig godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta om å førebu og gjennomføre vaksineringa.

Torsdag stoppa norske styremakter mellombels vaksineringa av helsearbeidarar, fordi det internasjonalt blir undersøkt om tilfelle av blodpropp og manglande blodplater skuldast AstraZeneka-vaksinen.

– Eg kan forstå om folk er engstelege, og kan forstå at det er uro. Me har oppfordra alle vaksinerte til å følge med om dei har symptom, og melde frå og oppsøke lege om dei føler seg alvorleg sjuke, seier Ebbing.

Marta Ebbing, Helse Bergen

BEKREFTAR: Fagdirektør i Helse Bergen, Marta Ebbing.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me har hatt mange som har vore sjuke etter vaksinen. Biverknadane har vore dei vanlege, som feber, frostrier, hovudverk, og sjukdomskjensle. Me har notert at fleire har sterkare og meir langvarge biverknadar. Nokre få har vore sjuke i fleire dagar, opptil veker, og trengt sjukemelding etter vaksineringa.

Ebbing seier at det likevel berre er ei handfull tilsette som har takka nei til vaksinen.

Fem mistankar avkrefta

I helga var fire andre helsearbeidarar innlagde på Haukeland universitetssjukehus med mistanke om blodpropp eller blodplatemangel, men ingen av dei fekk påvist dette.

Sist veke vart ein tilsett i Helse Bergen innlagt på grunn av vaksinebiverknadar, og dette tilfellet er meldt vidare som ein mogleg alvorleg vaksinebiverknad.

Alle fem er utskrivne frå sjukehus, og ingen av dei fekk påvist blodpropp eller mangel på blodplater.

Ingen ytterlege meldingar om blodpropp

To nyleg vaksinerte norske helsearbeidarar har sidan fredag døydd. Fredag døydde ein helsearbeidar i 30-åra frå Innlandet, under ti dagar etter å ha fått AstraZenica-vaksina.

I Helse Sørøst vart det i helga rapportert om tre helsearbeidarar som var innlagde med blodpropp kort tid etter å ha fått AstraZeneca-vaksina.

Ein av desse, ei kvinne under 50 år, døydde søndag. Legemiddelverket undersøker no om dødsfalla og blodpropp-sjukdommen har samanheng med vaksina.

Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør Statens legemiddelverk

GÅR GJENNOM MELDINGAR: Steinar Madsen i Legemiddelverket har ikkje fått ytterlege meldingar om blodpropp etter vaksinering.

Foto: Trond Øyvind Karterud/NRK

Tidlegare i dag sa medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket, Steinar Madsen, at dei ikkje hadde fått inn ytterlege meldingar knytt til sjeldne bivirkningar som blodpropp.

Legemiddelverket går no gjennom meldingar om blodpropp for alle vaksinar.

– Me antar at viss det har gått 14 dagar etter du er vaksinert, så er det veldig liten risiko for at du får nokon bivirkningar. Dei som har blitt sjuke har fått éin dose, seier Madsen.

Så langt har 121.000 nordmenn fått AstraZeneca-vaksina. Det er berre meldt inn omlag 30 tilfelle med alvorlege biverknadar.

– Det er jo heldigvis sjeldne tilfelle. No er det om å gjere å samanlikne førekomsten av ein sjukdom blant dei vaksinerte med kva som er naturleg førekomst av sjukdommen. Det blir no studert både i Noreg og andre land, seier Ebbing.

Ifølge AstraZeneca er det totalt i Europa registrert 15 tilfelle av blodpropp i beina og 22 tilfelle av blodpropp i lungene.

Legemiddelprodusenten meiner at dette tallet er lågare enn det ein i gjennomsnitt forventar i den befolkinga.