Hopp til innhold

Helse Vest har ikkje oppdatert viktig datasystem på 12 år

Helseføretaket har takka nei til eit utal tilbod om oppdateringar. Ein av dei som sto bak systemet meiner det er uforståeleg, og gambling med pasienttryggleiken.

Haukeland sykehus sentralblokka og den gamle barneklinikken

DATASYSTEM: Haukeland universitetssjukehus hadde allereie i 2008 planar om å bytte ut datasystemet Cytodose, som blir brukt til kreftmedisinbestilling.

Foto: Helse Bergen

I førre veke mista ein mann i 50-åra livet på Haukeland universitetssjukehus etter å ha fått ein alt for sterk dose med cellegift. Både politiet og fylkeslegen etterforskar hendinga.

Sentralt i undersøkinga står systemet som blir brukt til medisinbestilling. Cytodose vart spesialutvikla til medikamentell kreftbehandling tilbake i 2002.

Allereie i 2008 hadde Helse Vest planar om å bytte det ut. Men det har enno ikkje skjedd. På denne tida har helseføretaket og takka nei til alle oppdateringar.

Den 12 år gamle versjonen er framleis i bruk på sjukehusa i Bergen, Stavanger og Førde.

NRK veit Helse Vest har sett på det som for ressurskrevjande å oppgradere Cytodose, og heller har prioritert utvikling av eit nytt system.

Uforståeleg for mannen bak

– Dette er heilt uforståeleg. Helse Vest har betalt for vedlikehaldsprogrammet kvart år, men seier dei nei til dei nye versjonane leverandøren har tilbode dei. Dette er veldig kritikkverdig, og kan gå kraftig ut over pasienttryggleiken, seier Jan Robert Dybdahl.

Han utvikla Cytodose i samarbeid med Radiumhospitalet. Dybdahl selde Cytodose til Helse Vest som grundar i selskapet Clinsoft. Selskapet selde han i 2009, og er i dag pensjonist. Men inntil nyleg har han vore konsulent for IT-selskap som rettar seg mot helsevesenet.

Jan Dybdahl, utviklar av Cytodose

UTVIKLAR: Jan Robert Dybdahl har utvikla Cytodose.

Foto: PRIVAT

– Mykje har skjedd på 12 år, både når det gjeld datateknologi og kreftbehandling. Dette tek dei nye versjonane høgde for. Men risikoen for feil går opp når programmet ikkje blir oppdatert.

Cytodose vert brukt av mange av dei største sjukehusa i Norden, som Lund, Uppsala og Karolinska i Sverige. Dybdahl seier desse sjukehusa oppdaterer systemet jamleg.

– Det går å legge inn fleire kodar for å oppdage feil, til dømes om det vert bestilt for sterke dosar. For meg synest det klart at ikkje Helse Vest nytta seg av dei tryggleiksmekanismane som systemet gjev.

– Versjonane etter Helse Vest sin versjon har fått ei rekke kontrollpunkt som skal sikre brukarane mot å gjere feil, seier Dybdahl.

Han understrekar at han ikkje veit noko om kva feilmedisineringa i førre veke skuldast.

Erik M. Hansen administrerende direktør Helse Vest IKT

DIREKTØR: Erik M. Hansen, administrerande direktør Helse Vest IKT, vil ikkje la seg intervjue til saka.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Jobbar med nytt system

I dag er det selskapet Csam Health som drifter systemet. Dei har blitt presentert all informasjonen frå Dybdahl, men seier dei av prinsipp ikkje vil kommentere kundeforhold.

I Helse Vest er det Erik M. Hansen, administrerande direktør i IKT-avdelinga som uttaler seg om saka. Han er blitt presentert all informasjonen i saka, men vil ikkje la seg intervjue.

Årsaka er at Cytodose er sentralt i politiet og fylkeslegen si gransking av at ein mann i 50 åra mista livet etter feilmedisinering på Haukeland. .