Informasjonsdirektør i Helse Vest, Bjørg Sandal. (Foto: NRK)
- Dersom regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett vert vedteke ser det ut til at helseregionen må spare inn ytterlegare 200 millionar kroner i dei fire helseføretaka på Vestlandet i 2005, seier Sandal.
Dramatisk kutt
Ho tykkjer det er gledeleg at psykiatrien får auka tilskotet med 60-70 millionar. - Det treng vi veldig, seier ho.
Men Sandal er mindre glad for at Helse Vest får 100 millionar kroner mindre til drift i 2005 i forhold til budsjettet for 2004, og at dei i tillegg må kutte omlag 100 millionar kroner ekstra som følgje av tekniske justeringar - til saman 200 millionar kroner.
Per Steinar Osmundnes (Krf) er overraska over eiga regjering. (Foto: NRK)
Osmundnes overraska
Stortingsrepresentant Per Steinar Osmundnes frå Kristeleg folkeparti seier han er overraska over tala, og vil rekne på dei før han kommenterer budsjettframlegget ytterlegare. Men han seier at det som er sagt frå talarstolen på Stortinget er at tilskotet til helseregionen i vest skal vere tilnærma likt årets løyving i kroner og øre. Osmundnes meiner det er viktig å arbeide for å få mest mogleg midlar til Helse Vest.