Hopp til innhold

Må bruke pengar frå eige budsjett

I november søkte Helse Førde til Helse Vest om 460 millionar til nytt psykiatribygg. I dag kom svaret. Helse Vest ber Helse Førde klare seg med dei pengane dei har.

Førde sentralsjukehus

FÅR IKKJE HJELP: Helse Førde må bruke sine eigne pengar til å byggje ut ved Sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I svaret frå Helse Vest står det at "utgangspunktet er at Helse Førde må styre og prioritere investeringsplanane sine innanfor tilgjengelege driftsøkonomiske og finansielle rammer."

I juni 2013 vart langtidsbudsjettet for 2014 til 2018 vedteke i styret til Helse Vest. Bygg- og eigedomssjef i Helse Vest, Kjell Einar Bjørklund, seier dette budsjettet må nyttast dersom føretaka vil byggje nytt.

– Utgangspunktet er at alle helseføretaka, om det er Stavanger, Bergen, Fonna eller Førde, må skaffe eigne investeringsmiddel ut ifrå drifta. Overskot frå drifta og avskrivingar dannar utgangspunktet for investeringar dei følgande åra, seier han.

– Bruk eigne pengar

I søknaden frå Helse Førde kjem det fram at føretaket vil byggje mykje nytt (sjå faktaboks).

Helse Vest held no på med regional utviklingsplan for bygg- og eigedom, for å sjå alle helseføretaka under eitt.

– Alle fire føretaka i Helse Vest har utfordringar når det gjeld vedlikehald, nybygg og planar. Arbeidet med planen er nettopp starta, og vi må sjå det i ein total samanheng. Slik saka er no kan vi ikkje forskotere ein halv milliard til nybygg for Førde, seier Kjell Einar Bjørklund.

– Kvifor får dei ikkje pengane?

– Akkurat det kan ikkje eg svare på. Men som eg seier så har vi fire andre føretak, og vi har ikkje ein slik pengesekk. Alle fire føretaka må fylgje styrevedtaket som vart gjort i fjor, om at dei må generere sine eigne investeringsmiddel.

Vil bruke 20 år med eige budsjett

Helse Vest og Helse Førde var i eit møte i januar. Der utdjupa Helse Førde planen føretaket sende saman med søknaden om pengar til nybygg.

– På møtet bad vi Helse Førde om å dokumentere ein del ting. Helse Førde meiner at dei har gjort det. Men frå møtet i januar tek dei tek med seg at dei skal fortsette å arbeide med planen slik at den fylgjer rettleiingane frå Helsedirektoratet, seier Kjell Einar Bjørklund.

Kanskje er ikkje døra heilt lukka.

– Når Helse Førde er ferdige med planarbeidet og har vurdert kva dei skal gå vidare med, skal vi ha ein dialog med dei om dette, seier han.

Helse Førde seier i søknaden at dei vil bruke 20 år på å byggje nytt dersom dei må gjere det innafor eige budsjett.

– På møtet vart det sagt at dei ynskjer å gjere det på halve tida, og at dei treng bistand til det. Men vi kan ikkje gje pengar no, seier Bjørklund.

Vil søke investeringslån

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, vedgår at dei hadde trengt tilskotet for å få bygge raskt.

– Vi hadde håpa at Helse Vest kunne gjeve eit tilskot, slik at vi ikkje hadde tapt tid når det gjeld planlegging og utgreiing. Vi leiger i dag bygningar til deler av psykiatritenesta. Difor ynskjer vi ei framdrift som gjer at vi kan flytte inn i nye bygg når leigeavtalane går ut, seier Bolstad.

Bolstad

LÅN: Helse Vest seier nei til eit ekstraordinært tilskot, men Jon Bolstad i Helse Førde arbeider no for eit investeringslån.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I staden for eit ekstraordinært tilskot, er helseføretaket no i gang med å søke om eit investeringslån. Totalt treng dei nesten ein milliard kroner dei neste ti åra.

– Det kan høyrast mykje ut, men det er mange ting som heng i hop. Bygningsmassen vår bør få ei oppgradering på nokre sentrale, viktige område som har betydning for ei god pasientbehandling, også framover i tid, seier Bolstad.

Dersom Helse Førde ikkje får lånet heller, vil det ta 20 år før bygningane kan vere på plass, seier Bolstad.

– Då klarar vi ikkje å gjere det raskare. Det ligg i saka sin natur at når du byggjer, så ønsker du ikkje å ha ein byggeplass i 20 år. Det er klart at då vert det både dyrt og dårleg.

– Helse Førde nedprioriterer psykiatrien.

– Eg tykkjer det er sterkt beklageleg at Helse Vest ikkje gjekk inn med pengar. Men det er vel berre å forvente, seier Astrid Gytri frå Landsforeininga for pårørande innan psykiatrien.

Ho spør kvifor Helse Vest skal velje å prioritere det når dei ser at Helse Førde ikkje prioriterer det.

Astrid Gytri

PENGAR NOK: Astrid Gytri i Landsforeininga for pårørande innan psykiatrien meiner Helse Førde må prioritere psykisk helsevern.

Foto: NRK

– Det er pengar i Helse Førde sine eigne budsjett framover. Og då må Helse Førde bruke pengane til å prioritere psykisk helsevern, og utbygging av psykiatrisk klinikk og nye bygningar til poliklinikken for barn og unge.

– Meiner du at dei ikkje har prioritert psykiatri høgt nok?

– Helse Førde har nedprioritert psykisk helsevern i mange, mange år. Mange plassar er lagt ned og det har vore lovnader om oppbygging av dagtilbod og ambulante team. Og ingenting av dette er på plass.

– Vi prioriterer psykiatrien høgt

Jon Bolstad avviser kritikken. Direktøren i Helse Førde meiner planane som ligg føre, om å byggje nytt i psykiatrien, viser at dei prioriterer psykiatrien.

– Vi har prioritert psykiatrien høgt, og desse planane viser at vi gjer det vidare.

Han seier det ikkje er noko som tilseier at Helse Førde nedprioriterer psykiatrien.

– Vi har veldig korte ventetider. Vi har eit godt utbygd tilbod til veldig mange grupper av pasientar, og vi ligg i landstoppen i brukarundersøkingar. Eg trur at samla sett så har vi mykje å vere båe stolte og nøgde med når det gjeld psykiatri i Sogn og Fjordane.

Har tru på lånet

Bolstad trur Helse Førde vil få lånet som trengst for å byggje nytt i psykiatrien. Han seier styret har vore tydelege på at dei ynskjer å gjere det fort.

– Styret har vore veldig tydelege på at vi ynskjer å komprimere desse prosessane. Det trur vi er riktig av omsyn til pasientane og dei tilsette, seier Bolstad.

Han har tru på at dei får lånet, og meiner pengane finst.

– I 2013 går føretaksgruppa med 600 millionar i overskot. Og små prosjekt i Sogn og Fjordane kan ikkje bli stilt bakarst i køen heile vegen, til fordel for dei store prosjekta i dei store områda, seier han.

– Det må finnast ein balanse mellom det som er riktig og viktig for Sogn og Fjordane i forhold til det som er riktig for andre deler av Helse Vest.