Hopp til innhold

Helse Førde kan få 30 mill. ekstra

Helse Førde kan få 30 millionar kroner ekstra under torsdagens styremøte i Helse Vest. - Men då bør det vere slutt på ekstraløyvingane, meiner styremedlem Gerd Dvergsdal.

I tillegg til ekstraløyvinga, er det innstilt på at helseføretaket kan få gå med 40 millionar kroner i underskot. Vidare er framlegget at Helse Førde får gå 20 millionar kroner i underskot neste år, i balanse året etter.

- I utgangspunktet tykkjer eg det er veldig bra at administrasjonen ser at Helse Førde må ha noko drahjelp, seier Dvergsdal.

- Lojale føretak

Men styremedlemet, som også er ordførar i Jølster, meiner at andre helseføretak ikkje kan halde fram med å betale for Helse Førde sitt underskot.

- Eg trur at dei andre helseføretaka har vore veldig lojale og sett det naudsynt at ein har hjelpt til, men trur at det vil bli også ubekvemt dersom dei må hjelpe til i ei årrekje framover. Eg trur ikkje at det går, seier ho.

- Stor jobb å gjere

Helse Førde ligg an til eit underskot på 95 millionar kroner i år.

- Der er ein stor jobb å gjere, no når ein skal sjå på korleis ein verkeleg skal få dette til. Og det er jobben til styret i Helse Førde, seier Dvergsdal.