Hopp til innhold

- Fordel for Luster

– Det vil vere ein fordel for Luster dersom eit framtidig lokalmedisinsk senter i Indre Sogn blir lagt til Sogndal.

Torodd Urnes
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det meiner ordførar i Luster, Torodd Urnes.

I går skapte det sterke reaksjoner i Årdal og Lærdal at Helse Førde vil vurdere flytting av lokalmedisinsk senter til Sogndal.

– For reiseavstandane på nordsida av fjorden, vil dette alternativet vere det beste, seier Urnes.

Kan bli flytta innan tre år

Forslaget frå Helse Førde er at senteret vert flytta til Sogndal innan 2013.

I går sa styreleiar Clara Øberg at det er reaksjonane frå kommunane som vil bli avgjerande for kva ein landar ned på.

Sogndal-ordførar vil ha politisk debatt

I Sogndal er ordførar jarle Aarvoll forsiktig med å uttale seg. Uansett kor lyst han måtte ha på eit hundretals nye arbeidplassar, veit han samstundes at han då vil ta dei frå ein nabokommune.

– Det er viktig å engasjere heile det lokalpolitiske miljøet i ei så breid og samansett sak, seier Aarvoll

– På noverande tidspunkt kan eg difor ikkje uttale meg om me ynskjer at eit medisinsk senter skal liggje i Lærdal eller i Sogndal, legg Sogndal-ordføraren til.

- Må ligge i Lærdal

I Leikanger er ordførar Olav Lunden, krystallklar på at ein må halde på dagens plassering og at eit lokalmedisinsk senter må ligge i Lærdal.

Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen ville i går ikkje la seg intervjue om saka.

Ho seier i ein kommentar via pressesjefen at ho tok det for gitt at presentasjonen ho var til stades på fredag gjalt eventuelle funksjonsendringar på sjukehusa i Lærdal, Eid og Førde.