Hopp til innhold

Helse Førde brukar minst tvang

Helse Førde brukar minst mekanisk tvang i psykiatrien i landet. Mekanisk tvangsmiddelbruk er bruk av belte og spenner for å kontrollere åtferda til ein pasient.

Psykiatri
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Ei ny undersøking frå forskingsorganisasjonen Sintef viser at bruken av psykisk tvang auka frå 2001 til 2007. Men Helse Førde ligg lågast på statistikken når det gjeld bruk av mekanisk tvang.

- Eg er veldig glad for at vi kjem gunstig ut på statistikken.

Det seier overlege ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, Øyvind Watne.

Store forskjellar

Øyvind Watne

Øyvind Watne

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bruken av belte, reimer, legemiddel og isolasjon i psykiatrien auka med 20 prosent frå 2001 til 2007. Det viser en rapport frå SINTEF. Men det har vore ein ujamn utvikling mellom åra, og frå 2005 til 2007 har det vore ein liten nedgang i bruken av mekaniske middel som belte og spenner.

Sjå og - For mykje tvang i psykiatrien

Rapporten viser også at det er store forskjellar mellom institusjonane. Det brukast minst mekanisk tvang ved sjukehuset i Levanger, Valen sjukehus, Molde sjukehus og i Helse Førde.

- Vi er nøye med å bruke tvang i så liten grad som mogleg. Mange av våre tilsette kjenner pasientane godt gjennom kontakt over mange år. Og den personlege kjennskapen trur eg bidreg til å redusere utageringar, seier Watne.

Kulturforskjellar

Mange pasientar opplever bruken av tvangsmiddel som eit kraftig overgrep. Og leiar i Landsforeininga for pårørande innan psykiatri i Sogn og Fjordane, Bjørg Rimeslaatten, er glad for at Helse Førde ligg lengst ned på statistikken. Ho trur det er store kulturforskjellar ved sjukehusa som fører til ulik bruk av tvang.

- Psykiatrien er eit ungt felt i Sogn og Fjordane. Og vi har dermed ikkje den kulturen dei har på eldre sjukehus andre stadar i landet. Det er jo ei kjent sak at tidlegare vart det brukt ganske mykje mekanisk tvang ovanfor dei som var sjukast og mest uroleg, seier ho.

Sender vekk dei verste

Men Rimeslaatten peikar på at Helse Førde sender enkelte pasientar andre stader, noko som kan føre til ei lågare registrering av tvang.

- Dei som er vanskelegast å behandle på dette området kan bli sendt til Bergen. Sogn og Fjordane har nokon plassar ved Sandviken sjukehus, og det kan jo vere med på å trekke ned, seier Rimeslaatten.