Helse Førde braut lova

Helse Førde braut lova då pasientar blei flytta frå ei avdeling til ei anna grunna plassmangel. Det slår Fylkesmannen fast i ein tilsynsrapport. Helseføretaket gjorde ikkje nok for å hindre at det kunne skje svikt når pasientar blei flytta mellom avdelingar på Førde sentralsjukehus. Klinikkdirektør Trine Hunskår Vingsnes seier dei no vil ta tak i dette.

Førde Sentralsjukehus 27.07.18
Foto: Bendik Reed Årvik / NRK