Bussjåfør Jan Harald Pedersen er letta over at alle kom seg uskadde ut. Han var på veg til Hyen med rundt 20 skuleelevar i bussen då uhellet skjedde litt før klokka ni i dag tidleg.
Sterk slagside
På den glatte og smale strekninga rett før Hyen sentrum møtte han ein stor bil. Han la bussen godt ut på vegkanten, men greidde ikkje å få bussen opp på vegen att. Bussen vart ståande med sterk slagside ut over ei bratt skråning.
Ut gjennom vindauget
Og sjølv om det vart ein dramatisk start på dagen både for sjåføren og elevane klarte dei å halde seg rolege i bussen. Sjåfør Jan Harald Pedersen fekk evakuert elevane ein og ein ut gjennom vindauget ved sjåførsetet.
MMS-foto: Steinar Lote NRK