Helikopter redda av helikopter

Laurdag måtte eit helikopter operert av Norsk Luftambulanse AS nødlande i Kongsvikdalen i Troms og Finnmark på grunn av motorbortfall. Mannskapet om bord landa helikopteret kontrollert, og ingen kom til skade i hendinga. Tysdag blei helikopteret heist ut av eit Super Puma-helikopter, som til dagleg er stasjonert og operert av Airlift AS i Førde.