Hopp til innhold

Helikopter miste last ned på veg

Delar av lasta til eit helikopter fall ned i vegbana rett framfor ein bil på fylkesveg 13 fredag.

Helikopter miste last

HER FALL DET NED: Armeringsjern fall ned rett framfor ein bil.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det var klokka 8.10 ein bilist måtte bråbremse då armeringsjern trefte vegen nokre hundre meter frå Moskog i retning Holsen.

Politiet fann og nokre treplankar i området ved vegen.

Helikopteret måtte flyge i ring på grunn av tett skodde, og i den manøvren fall tre stenger av. Politidet opplyser at dei trefte vegen ein til to meter framfor ein bil.

– Tydelege spor i asfalten

Anne Lise Ulvik kom i bil nummer tre, skriv firda.no . Til NRK fortel ho at det var ei skremmande oppleving.

– Det stod ein bil som hadde stansa og hadde naudblink på. Sjåføren fortalde at det hadde kome noko ned frå himmelen. Det viste seg å vere halvannan meter lange armeringsjern. Det viste tydelege spor i asfalten der dei hadde landa.

Spor etter armeringsjern i asfalten

SPOR I ASFALTEN: Her har armeringsjernet treft vegbana.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Skremmande oppleving

– Bilføraren fortalde at det var ei skremmande oppleving. Sjølv var eg litt sein i dag,og eg tenker på at eg kunne ha blitt treft om eg var i mi vanlege rute. Det va rog skulebarn på veg til Førde.

Ho meiner at dei som fraktar last under helikopter må syte for at lasta er betre sikra.

Armeringsjern fall ned frå helikopter

BØYGD I SAMANSTØYTEN: Armeringsjernet vart bøygd då det trefte asfalten.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Rutinesvikt?

Politibetjent Elin Tønnefoss Fiske seier til NRK at politiet fekk melding frå ein bilist som fortalde at det hadde kome nokre gjenstandar framfor bilen.

– Han såg og eit helikopter i lufta over seg. Då vi kom til staden fann vi tre armeringsjern og nokre plankar. Vi har snakka med helikopterpiloten og bilisten. Vi vil undersøke om det har vore rutinesvikt i samband med sikring av lasta.

Politibetjent Elin Tønnefoss Fiske

- RUTINESVIKT? Politibetjent Elin Tønnefoss fiske.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Helikopteret frå Airlift hadde oppdrag i samband med montering av ein reflektor for radiolinjer i ei fjellside i området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.