Hopp til innhold

Vitne har sett last ramla ned frå helikopter under linjebygging

Fleire augevitne i Eid har sett materiale ramle ned frå helikoptera under bygginga av kraftlina mellom Ørskog og Fardal.

Montasje

FANN SPADE: Spada blei funnen i ei fjellside ved sentrum i Nordfjkordeid. Andre vitne har sett helikopterlast ramle ned under bygging av kraftlinja ved Lotetunnelen. Martha Hagerup Nilson (biletet) i Statnett seier dei ser alvorlege på sakene.

Bygginga fører til fleire tusen helikopterflygingar, og last skal ha ramla ned i fjellsida ovanfor Lotetunnelen. Dagleg leiar i Nord Helikopter Jørund Kile seier pilotane ikkje har fått dette med seg.

– Vi har ingen rapportar internt om at det har vore tap av last, men vi tek sjølvsagt slike vitneobservasjonar alvorleg, seier han.

– Har ikkje merka det

Spade som blei funnen i terrenget

TRUR DEN HAR RAMLA NED: Denne spada blei funnen i terrenget. Dei som fann den trur den har ramla av eit helikopter.

Foto: NRK.no-tipsar

Fleire augevitne i Eid har i haust sett last frå helikopter kome ramlande ned frå lufta og deise ned i skogen i bratte fjellsider.

NRK har vore i kontakt med vitne som fortel at det i haust gjekk gale ein gong rett ovanfor Lotetunnelen. Dagen etter ramla delar av last ned to gonger i same området.

Tre personar har sett hendingane, likevel har ikkje helikopterselskapet merka at lasta har ramla av. Jørund Kile vil likevel ikkje trekkje vitna i tvil.

– I nokre sjeldne tilfelle kan deler av lasta losne, seier han.

Fann spade i terrenget

Vitne NRK har snakka med har også tidlegare i sommar sett ein kraftig støypespade som ligg på ein uforklarleg plass i skogsterrenget, og teke bilete av gjenstanden.

Fleire delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har no mykje helikoptertrafikk på grunn av bygginga av kraftlina Ørskog – Fardal. Bygginga betyr tusenvis av flygingar.

Har vore fleire tilfelle tidlegare

Og det har gått gale før. I sommar opplevde sportsfiskar Marius Pedersen ved elva Nausta i Sunnfjord at plankar og anna material til kraftlina gjekk i bakken, den gongen frå eit av Airlift sine helikopter.

Og året før fekk bilistar på E39 ved Moskog i Førde seg eit sjokk då armeringsjarn small i vegbana midt i morgontrafikken. Den gongen var eit Airlift-helikopter i sving med bygginga av ein radioreflektor i fjellsida.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helikopter mista delar av lasta

RAMLA NED: Ein del av lasta ramla ned i vegbana i fjor. To av armeringsjarna ramla ned på riksveg 13 like framfor ein bil.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Seier underrapportering er eit problem

Fall av last skal rapporterast til Luftfartstilsynet, som ikkje har fått melding om hendingane i Eid. Kommunikasjonsansvarleg Mari Kvarum seier slike ting ikkje skal skje. Ho seier underrapportering er eit problem.

– Så langt i år har vi rapportert 25 hendingar som gjeld tap av last. Tre av dei er i Sogn og Fjordane, men vi veit det er underrapportering

Heller ikkje Statnett er begeistra for at byggematerialar til kraftlina endar i bakken med eit brak. Kommunikasjonsansvarleg Martha Hagerup Nilson vil ta sakene opp med helikopterselskapa.

– Dette er ei alvorleg sak som Statnett vil følgje opp. Statnett er den største brukaren av helikopter innanlands og tenestene som helikopterselskapa leverer, skal leverast på ein god og sikker måte. Det jobbar vi mykje av, seier Nilson.

Set fokus på tryggare transport

Nord Helikopter som leverer til kraftlina i Nordfjord og på Sunnmøre, seier tilfella i Eid i haust ikkje er rapportert sidan selskapet ikkje fekk med seg at last kan ha forsvunne i fjellsida.

Tidlegare har dei også opplevd at eit lass med singel til kraftlina gjekk uventa i bakken ved fylkesgrensa i Stigedalen. Den saka blei rapportert på vanleg måte. Jørund Kile seier dei vil jobbe vidare med tryggleiken.

– Vi opprettar ein intern rapport i samarbeid med entreprenør og byggherre. Vi vil setje fokus på problemet med sikte på gjere slik transport endå sikrare, seier han.