Administrerande direktør i Airlift, Bjarne Slapgard, stadfestar at dei er i samtalar med både Sameinte Nasjonar og Raudekrossen om kontraktar i svoltkatastrofeområda i Sudan og i områda som vart råka av flodbølgjene i Asia.
- Men vi må finne ein balansegang mellom det å kunne stille opp og det å gjere ei fornuftig forretning ut av det, seier Slapgard.
Superpuma
Vinteren er lågsesong for helikopterselskapa. Det betyr at Airlift har ledig kapasitet som kan setjast inn både i oppdrag rundt svoltkatastrofen i Sudan og flodbølgjene i søraust-Asia.
- Vi har for det fyrste ei stor maskin, ein Superpuma. Dette helikopteret kan flytte 17 personar, frakte fire tonn og har ei rekkjevidde som er tilpassa ein slik operasjon, fortel Slapgard.
I tillegg har selskapet små maskiner som kan utføre mindre omfattande operasjonar.
Kontrakt raskt på plass
Det seier seg sjølv at slike maskiner vil vere nyttige i søraust-Asia der svært mykje av infrastrukturen no er øydelagd. Det gjer at ein avtale mellom Airlift og SN eller Raudekrossen kan kome på plass relativt raskt.
- Eg trur kontrakten om søraust-Asia vil vere klar løpet av 14 dagar. Når det gjeld Sudan er det umogleg å seie noko sikkert, seier Slapgard.
Omfattande transport
Når kontraktane eventuelt er på plass, er det mykje praktisk rundt transporten av helikopter og mannskap som må planleggjast.
- Det kjem an på kva transport Raudekrossen og SN kan tilby oss. Vi kan reise ned til søraust-Asia med båt, men det vil ta 30 til 40 dagar. Fraktar vi utstyret med fly, kan vi vere operative i løpet av ei veke, fortel Airlift-direktøren.
Aktuelt med tilsetjingar
Det kan vere aktuelt for Airlift å tilsetje fleire folk i samband med kontraktane, men det er for tidleg å seier noko om det, i følgje Slapgard. - Det kjem an på omfanget og kor lang tid oppdraget vil ta.
Bjarne Slapgard ser heller ikkje bort frå at innsatsen i katastrofeområda kan kaste av seg i form av kroner og øre for Airlift.
- Men det viktigaste no er at vi klarer å ta hand om dei faste kundane vi alt har, seier Slapgard.