Hopp til innhold

Rykte ut til skogbrann i bratt fjellside – måtte ha hjelp av helikopter for å sløkkje

Det brann godt i skogen oppe i fjellsida ved Feios i Sogn.

Skogbrann i fjellsida ved Feios

BRANN I SKOGEN: Slik såg skogbrannen ut frå nordsida av Sognefjorden.

Foto: Magnar Stadheim

– Vi veit ikkje eksakt kor stort område det brenn i. Men brannen er godt synleg, og det er mange som melder ifrå til oss, sa Siv Sørstrand ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Ifølgje brannvesenet brann det godt i skogen om lag 200 til 300 meter oppe i fjellsida. Lokalt brannmannskap frå Vik og Leikanger kom raskt på staden, og fekk hjelp av helikopter frå Airlift til å sløkkje. Det bratte terrenget er krevjande, og helikopteret måtte gjere det meste av jobben. Dei droppa vatn over det brennande området.

– Veit de kva som kan vere grunnen til at det byrja å brenne?

– Det har vore skogrydding i området, men vi veit ikkje om det er grunnen, seier Sørstrand.

Alarmsentralen fekk melding om brannen klokka 14.27. Ifølgje augevitne kom det ved 16.40-tida langt mindre røyk frå brannstaden. Klokka 17.15 kom det ikkje lenger røyk, og klokka 18.40 har ting byrja å roe seg.

– Helikopteret har no teke ein pause frå å droppe vatn. Vi har mannskap på veg opp for å sjå korleis det ser ut. Dei skal finne ut om det er dynka godt nok, seier Siv Sørstrand ved Alarmsentralen.