Hopp til innhold

Helgevêret: Så guffent kan det bli i vest

Snø, sludd, regn og sterk storm ved Stad. For vestlendingane blir det ei heftig vêrhelg.

Måker snø og slaps

VÅTT: På Vestlandet blir det ei god sørpe denne helga.

Foto: Geoffery Kehrig/Flickr

Etter lengre tid med «winter wonderland» i vest, er det klassisk vestlandsvêr på veg. Nokon gler seg over meir snø, andre gruar seg til sludd og slaps.

– Det er på grunn av eit lågtrykk som dannar seg nord for Island og går nordaust over. Det vil danne seg ein front som kjem inn over land laurdagen, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg til NRK.

Han skildrar situasjonen for Vestlandet som utfordrande og det er også sendt ut gult farevarsel for særleg Vestland fylke.

– Det vil guffent vêr på heile Vestlandet. I løpet av laurdagen vil det auke på skikkeleg med vind langs kysten. Det kan bli full til sterk storm ved Stad i løpet av laurdagen og det vil auke på med vind i fjellet.

Dårleg vêr til fjells

Medan folk i aust og nord kan nyte ei roleg vêrhelg med stort sett opphaldsvêr og tørre forhold, må ein på med støvlar og kalosjar i vest.

– Til dømes i Bergen blir det nok ein periode laurdag med overgang frå snø til sludd og regn. Så dreier vinden på nordvest, det blir kjøligare igjen og overgang til nye snøbyer, fortel Selberg.

Det er førebels ikkje sendt ut farevarsel for fjellovergangane i Sør-Noreg, men nedbør og vindauke vil føre til dårleg vêr der også.

Laster Twitter-innhold

Ikkje snø i nord

Seinast denne veka kunne skientusiastar i vest juble over strålande forhold, medan det er tilsvarande dårleg i Nord-Noreg.

– Dette er rett og slett tidenes verste sesongstart hittil, sa langrennsleiar i Troms, Toralf Heimdal.

Men meteorologen kan ikkje love meir skiføre i nord, i alle fall ikkje enda.

– Det er ikkje venta noko særleg med nedbør i nord. I til dømes Tromsø er det venta temperaturar på minussida og opphaldsvêr i alle fall til og med tysdag.