Hopp til innhold

Fekk jordskred rett i huset: – Det vart ei natt utan søvn

Helge og Oddny Taklo stod på kjøkkenet då dei høyrde det som høyrdest ut som ei dynamittsalve. Kort tid etter trefte jordskred huset deira.

INNTRYKK: Skredet søndag ettermiddag har sett sine spor i Helge Taklo. – Det var traumatisk, seier han.

Enkelte stader på Vestlandet fekk opp mot 100 millimeter nedbør søndag. Det resulterte i fleire jordskred.

Mellom Nordfjordeid og Torheim i Stad kommune i Vestland er vegen stengd to stader grunna jordskred. Kring 40 personar er evakuerte.

For ekteparet Helge og Oddny Taklo har det vore ei natt med lite søvn.

Les også Nedbøren skapar store utfordringar: 50 meter breitt ras i Stad

Stort ras ved Nordfjordeid

– Vi såg ut vindauget, og der kom jord-, vatn- og steinmassar rett mot huset. Det var traumatisk, fortel ein tydeleg prega Taklo dagen etter det dramatiske jordskredet.

– Det var traumatisk. Det var til god hjelp å få snakke med kriseteamet i går, fortel han.

Jordskred ved Taklo i Stad kommune

SJÅ BILETA: Vegen til Torheim i Stad kommune er stengd to stader.

Foto: Statens vegvesen
To jordskred, eitt ved Taklo og eitt ved Sætre, stengjer fylkesvegen mellom Nordfjordeid og Torheim i Stad kommune.

Rømde til naboen

Ekteparet stod på kjøkkenet og laga middag då med skrekk såg skredet som kom rett mot huset deira. Dei låste hovuddøra og tok seg ut kjellardøra for å ikkje få skredet inn i huset.

Så tok dei seg over skredet og bort til naboen, Per-Tore Taklo.

Oddny og Helge Taklo.

RØMDE: Oddny og Helge Taklo rømde huset då jordskredet trefte.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnese / NRK

– Der følte vi oss tryggare, fortel Helge Taklo.

Men naboen var sjølv ute i skredområdet for å opne tette røyr. Han var i ferd med å bevege seg oppover i terrenget då også han høyrde det som kunne minne om ei dynamittsalve.

– Og der kom raset 35–40 meter frå meg, seier Per-Tore Taklo.

Prøvde å varsle

Raset delte seg i to på veg ned mot vegen og husa til vel ti bebuarar. Taklo kjende seg hjelpelaus.

– Eg prøvde å varsle, men mobiltelefonen låg sjølvsagt att heime. I rein desperasjon prøvde eg å rope på dei i husa, fortel Taklo.

Per-Tore Taklo

TRAUMATISK: Per-Tore Taklo skildrar opplevinga søndag som traumatisk. – Ein rekk ikkje tenka når slike ting skjer, seier han.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Han var ei stund redd for at skredet kunne ta med seg hus.

– Sjølvsagt. Ein veit aldri kor mykje av massane som gjekk heilt ned, men eg såg at det vart tynna ut på veg nedover, seier han.

Ingen er skadde eller sakna etter skreda. Det er uvisst kva skade husa har fått.

Ny vurdering klokka 15

Vegvesenet opplyser at dei klokka 15 vil vurdere om vegen kan opnast.

Dei evakuerte er førebels innlosjerte på hotell eller hos kjende. Ekteparet Helge og Oddny Taklo seier det ikkje er freistande å flytte heim med det første.

Vegen er stengd til Torheim utanfor Nordfjordeid i Stad kommune.

STENGD: Vegen til Torheim blir vurdert opna klokka 15.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Eg håpar vi får bli her også komande natt. Eg ser ikkje noko meining i at vi skal vere i huset endå, legg Taklo til.

Ordførar Gunnar Silden seier det førebels er uvisst når dei evakuerte får flytte heim.

– Når vi får rapport frå geologen, så veit vi meir om vi får opna opp att og når dei evakuerte får flytte heim att, seier ordførar Gunnar Silden.

Lars Erik Karlsen hos Statens vegvesen seier dei truleg ikkje vil opne heile vegstrekka i dag.

– I tillegg til skredet ved Taklo, har det gått eit ved Sætre. Det er større og vil krevje lenger tid å rydde, seier han og presiserer at dette er ei vurdering dei vil ta i samråd med geologen.

Taklo, Stad