Hopp til innhold

Fiskarar heldt på å få plankar i hovudet då helikopter mista last

Ein kameratgjeng som stod og fiska i elva Nausta, heldt på å få plankar i hovudet då eit helikopter frå Airlift miste last. Marius Pedersen stod i elva og fiska, då ein planke landa ikkje langt ifrå han.

Helikopter illustrasjon

HAR HATT UHELL FØR: Det var eit helikopter frå Airlift som mista plankar ved Nausta for to veker sidan.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Det er rett og slett litt skremmande. Når ein står der og tenkjer at ein kan få dette her rett i hovudet. Ein blir rett og slett litt forbanna over at noko slikt kan skje. Vi kunne vore uheldige der vi stod. No er vi jo glade for at ikkje det skjedde, seier Marius Pedersen.

Marius Pedersen

NÆR Å FÅ PLANKAR I HOVUDET: Kameratgjengen som fiska i Nausta håpar det vert gjort tiltak så ingen andre får den same skremmande opplevinga.

Foto: NRK

Kameratgjengen på seks frå Austlandet stod i den populære lakseelva Nausta i fullt fiskeutstyr onsdag 7. august.

I arbeidet med kraftlinja mellom Ørskog og Fardal skulle Airlift frakte eit hiv med plankar over dalen, då det gjekk gale og det ramla fleire plankar ned nær dei seks overraska fiskarane i elva.

Spelar inga rolle kor mykje det var

– Det var nokon av oss som såg at lasta vart mista, og helikopteret fortsette berre å fly over til andre sida. Om helikopterpiloten faktisk fekk med seg at noko skjedde, det veit vi ikkje. Det virka ikkje slik, seier Pedersen.

– Kor mykje last var det som ramla av?

– Eg torer ikkje tippe, men det var meir enn nok til at det kunne skade nokon. Og det er det som er viktig her. Det har skjedd noko som kunne ha påført dei som var i området skade. Då spelar det lita rolle om det var mykje eller lite som fall av, seier Pedersen.

Fiskarane varsla politiet etter hendinga. Politiet har vore i kontakt med dei ulike partane, men så langt vil dei ikkje opprette noko sak mot selskapet.

Miste armeringsjarn på riksveg 13

Airlift har i tråd med rutinane meldt hendinga til Luftfartstilsynet, seier flygesjef i Airlift, Alf Tørrisplass.

I fjor i august mista selskapet eit hiv med armeringsjarn i asfalten på riksveg 13 på Moskog og piloten fekk ei bot på 10 000 kroner. Men Tørrisplass seier selskapet set tryggleik i høgsetet.

– Det vil eg utan vidare seie. Vi er utruleg opptekne av tryggleik i Airlift. Vi er eit av lokomotiva og føregangsselskapa i norsk helikopternæring for å fremje tryggleik generelt. Når vi flyg underhengjande last, så er vi svært opptekne av at det skal gjerast så sikkert som mogleg, seier Tørrisplass.

Han legg til at det er eit krav i selskapet at flygarane skal rapportere slike hendingar, uansett kor små eller store dei er.

– Det blir så gjort ei grundig saksbehandling, som kan føre til at vi justerer på prosedyrar, eller at vi går ut med spesifikk informasjon til flygarane, for å gjere det meir sikkert, seier Tørrisplass.

Kjenner seg utrygge i huset sitt

Arne Grimseth er grunneigar i Nausta og hadde leigd ut fiskeretten i elva i sommar. Han gler seg berre til arbeidet er ferdig for han kjenner seg knapt trygg i huset sitt.

– Vi føler oss ikkje heilt trygge når dei fyk rett over hustaka våre med containerar med stålmaster og slikt. Det er ein noko stressande situasjon, seier Grimseth.

Men Tørrisplass nektar for at dei flyr over huset.

– Det kan eg garantere ikkje stemmer. Men når du står på bakken og ser eit helikopter flyge over, så kan det kjennast som om det er rett over hovudet på deg, når det i realiteten er 200 meter unna. Det kan eg garantere at vi ikkje gjer, seier Tørrisplass.

Håpar hendinga får følgjer

Luftfartstilsynet stadfestar at dei har fått ei melding om ei hending 7. august. Så langt i år har dei fått inn melding om 19 tap av last frå dei ulike norske helikopterselskapa.

Fiskegjengen til Marius Pedersen håpar andre slepp å få same skremmande oppleving.

– Vi håpar dette får følgjer, slik at noko slikt ikkje skjer igjen, seier Pedersen.