Hopp til innhold

Heldt Florø inne i kampen, men måtte til slutt gje tapt

FLORØ (NRK): Florø-keeper Nicklas Frenderup gjorde at Florø hadde håp om tre poeng med fleire kjemperedningar, men i sluttminutta vart dansken overlista.

Florø fotball-Arendal, redning Frenderup

MÅTTE GJE TAPT: Nicklas Frenderup stod som ein vegg for Florø, men måtte til slutt sjå ein ball i nettet bak seg. Her reddar han sjansen frå Ylldren Ibrahimaj som kom aleine gjennom med Nicklas Frenderup.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

Den avgjerande scoringa kom etter at Arendal fekk frispark på 20 meter, og kaptein Jakob Rasmussen banka ballen i det venstre hjørnet for keeper Nicklas Frenderup.

– Eg er skikkeleg skuffa. Målet var min feil og eg burde redda det. Det var dårleg, men han pleier å skyta over muren. Eg satsa på at han gjorde det igjen og så scora han i keeperhjørnet, seier Nicklas Frederup.

Det var Florø sitt første heimetap sidan 2–1-tapet mot Bodø/Glimt, 21. mai i år. Arendal på si side tok ein ekstremt viktig siger i kampen mot å unngå nedrykk og ligg no berre tre poeng bak Fredrikstad som har kvalifiseringsplassen. Florø ramla ned på sjuandeplass, den siste plassen som ikkje gjev playoff om opprykk til eliteserien.

– Dette var ein tett og jamn kamp. Eg er skuffa over at vi ikkje skaper noko på 90 minutt, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Himmelhøgt over

Etter vel ein times spelt gjorde Endre Kupen alt rett då han lurte av ein forsvarar på høgrekanten. Inne i feltet fann han ein umarkert Stefan Aase, men avslutninga vart for dårleg og skotet gjekk himmelhøgt over målet.

Men den største sjansen i omgangen kom frå Rasmus Christensen og Arendal etter 72 minutt. Eit innlegg frå høgresida gjekk gjennom heile feltet og på bakre kasta Christensen seg inn. Avslutninga var god, men Florø-keeper Nicklas Frenderup klarte å slå ballen i stolpen og ut.

Florø fotball-Arendal, Endre Kupen

TØFT: Endre Kupen hadde konstant to-tre forsvarsspelarar rundt seg då han fekk ballen.

Foto: Truls Kleiven

Horribel forsvarsfeil

Florø starta kampen best og hadde ballen mest, men det var Arendal som fekk den første målsjansen. Og den var stor.

Etter ein horribel tversoverpasning i forsvar frå Christopher Lindquist hamna ballen rett i beina på Ylldren Ibrahimaj som kom aleine mot Nicklas Frenderup. Men dansken slo til med ein kjemperedning og fekk avverja.

– Eg prøvde å lokke han til å skyte i venstre hjørne, men så kom eg på at han skyt med venstre fot. Difor satsa eg litt og gjorde ei god redning, seier Frenderup.

Florø sin einaste store sjanse kom mot slutten av omgangen. Endre Kupen vart spelt fri på kanten og sette fart framover. Aleine med keeper prøvde han ein lobb, men keeper Marco Jørgensen lét seg ikkje lura og fanga ballen i sikkert grep.

– Avslutningane våre var taktisk dårlege. Generelt sett burde vi utfordra Arendal på det dei er svake på. Alt skjedde i lufta i dag, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Då laga møtte i vår var det Arendal som gjekk sigrande ut av kampen med 2–0. Det var deira første siger i førstedivisjon. Sidan det har laga hatt ulik formutvikling, for medan Florø har gått frå siger til siger i sommar har Arendal berre vunne ein kamp sidan 16. mai.

Florø fotball-Arendal, Monir Benmoussa

GODT GREP: Arendal hadde godt tak på Monir Benmoussa og dei andre Florø-spelarane som ikkje klarte å skape dei største målsjansane.

Foto: Truls Kleiven
Laster innhold, vennligst vent..