Hopp til innhold

Held brann-sikta nok ei natt

Politiet har i dag avhøyrd dei to personane som er sikta for uforsiktig omgang med eld etter brannen på Laksevåg måndag. Avhøyra vil halde fram onsdag, og dei to vil ikkje bli lauslatne i kveld, seier politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen til NRK.

Alexander Gonzalo Sele forsvarer den eine av dei sikta, og fortel at brannen skal ha starta i eit stearinlys.

- Ho nektar straffskuld og held fast på at dette var ei ulukke. Ho er sterkt prega og vil samarbeide med politiet for å finne ut kva som har skjedd, seier Sele.

Brann på Laksevåg i Bergen
Foto: NRK