Hopp til innhold

Vart hekta på origami etter ein mattetime

Ein hoppande frosk og han var hekta. No lærer Jørn Cato Løkeland vekk papirkunsten til andre under Ungdomens kulturmønstring i Førde.

Jørn Cato Løkeland Leknes demonstrerer origamikunst under Ungdomens kulturmønstring i Førde.

LÆREMEISTER: Jørn Cato Løkeland Leknes frå Atløy demonstrerer origamikunst under Ungdomens kulturmønstring i Førde.

Det var i ein mattetime han lærte å brette sin første figur. Målet var å sjå kor langt han og dei andre elevane kunne få frosken til å hoppe.

– Eg vann alltid, fordi eg klarte å knipse frosken utan at nokon la merke til det, seier Løkeland Leknes.

(Artikkelen held fram under videoen)

Her er den første origamifiguren Jørn Cato Løkeland Leknes lærte å brette. Sjå video av den hoppande frosken!

PAPIRFROSK: Her er den første origamifiguren Jørn Cato Løkeland Leknes lærte å brette. Sjå video av den hoppande frosken!

Bretter papir på ferja

Etter den mattetimen var han heilt hekta.

– Eg vart så fascinert av at det gjekk an å lage ein frosk av berre eit papir. Då tenkte eg, "kva anna går det an å lage"?, seier han.

No lagar han dragar, blomar, vannbombefly og andre kompliserte figurar. Det er alltid nye utfordringar.

– Her i går såg eg ein veldig kul kanin, som eg har lyst å prøve meg på, seier Løkeland Leknes.

– Kva var det med den kaninen du likte?

– Den var veldig naturtru, den likna veldig på ein ordentleg kanin, sjølv om den var av papir. Og så var den veldig rund, noko som er vanskeleg å få til, seier han.

Lærer vekk triksa til andre

Under Ungdomens kulturmønstring i Førde heldt Løkeland Leknes workshop for dei andre deltakarane. Mange av dei skulle opptre på scena same dagen, noko som vart ei utfordring. Å lære å brette ein origamifigur er ikkje gjort i ein fei.

– Mange måtte stikke midt i prosessen, seier Løkeland Leknes og peikar bort på ein dunge halvferdige figurar.

Trass i at det er ein noko uvanleg hobby blant ungdomar no til dags, har han klart å inspirere andre.

– Då eg lagde eit F-16 fly til søskenbarnet mitt vart han veldig imponert over kor likt det var, seier han.