Hopp til innhold

Denne sporten flyg til vêrs under korona

Medan annan idrett nærast har lege brakk dei siste månadane, siglar frisbee-golf opp som sommarens store farsott.

F.v. Olav H. Breistein, Håvard G. Frøysa og Erlend Johnsen i Stormkast Bergen frisbeeklubb.

TEKNIKK: F.v. Olav H. Breistein demonstrerer brettkast. Håvard G. Frøysa og Erlend Johnsen i Stormkast Bergen frisbeeklubb følgjer med.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Kva ligg vi på? Eg har tre «birdie»-ar og ein «boogie», seier Håvard G. Frøysa.

Saman med Erlend Johnsen og Olav H. Breistein frå Stormkast Bergen frisbeeklubb traskar han rundt på frisbee-golfbana i Lynghaugparken i Fyllingsdalen i Bergen.

Medan fotball og det meste anna ikkje har vore lov på grunn av avstandsreglane dei siste månadane, er frisbee-golf, eller diskgolf, blitt veldig populært.

– Det var ein av dei første aktivitetane ein kunne byrja med denne våren, så det har vore veldig mykje folk som går med kompisar og har det som ein hobby, seier Frøysa.

– Det var rekna som ein av dei sikraste aktivitetane i vår.

– Veldig stor interesse

Sportsbutikkar har gått tomme for både «skeinebrett» og korgene det gjeld å treffa, fortel pressekontakt Marte Ramuz Eriksen i XXL.

– Det er veldig stor interesse for frisbee-golf, og det er ytterleg forsterka denne sesongen. I år kjem veksten på toppen av fleire sesongar med auka sal. Folk er flinke å finna måtar å halde seg aktive på i ei vanskeleg tid, seier ho.

Håvard G. Frøysa har drive på med diskgolf i 15 år.

Håvard G. Frøysa har drive på med diskgolf i 15 år.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Eriksen har ikkje konkrete tal på kor mykje frisbee-golf utstyr dei har seld.

– Men om det er tomt i butikkane har vi varer i levering og klarer å dekka etterspurnaden, seier ho.

Byter ball med brett

Frøysa har halde på med diskgolf i rundt 15 år. Kompisane meiner at idretten har mange likskapar med vanleg golf. Mykje gåing og noko reglement er blant fellestrekka. Skilnaden er at diskgolfarane har verken køller eller ball – men brett i tre ulike tjukkleikar og fleire ulike former.

– Du har ein «puttar» som er ganske tjukk, «mid range» som er smalare, og «driver» som er ganske smal, den blir brukt når vi skal kaste lenger, forklarer Erlend Johnsen.

Han meiner at diskgolf med knapp margin er kjekkare enn golf.

– Golf krev litt meir, som utstyr og medlemskap. Diskgolf er meir tilgjengeleg. Her er det ein park som er open for alle. Kven som helst kan kjøpe seg ein frisbee og gå og kasta.

Hekta på diskgolf. F.v. Olav H. Breistein, Håvard G. Frøysa og Erlend Johnsen i Stormkast Bergen frisbeeklubb.

POPULÆR SPORT: F.v. Olav H. Breistein, Håvard G. Frøysa og Erlend Johnsen i Stormkast Bergen frisbeeklubb.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Stor nasjonal vekst

På landsbasis er det no rundt 73 diskgolfklubbar, frå Hammerfest i nord til Mandal i sør. Det viser tal frå Norges amerikanske idretters forbund (NAIF), eit særforbund under Noregs idrettsforbund.

Sju av klubbane har kome til så langt år. Det vanlege talet er fem-seks nye klubbar per år, fortel disksportkonsulent Erik Hammer Staalesen.

– Vi sprenger nok den statistikken ganske bra i år. Vi har hatt ei enorm auke i tal på folk som tek kontakt, seier han.

Dei eksisterande klubbane har også ein stor tilvekst.

– Vi hadde 2750 medlemar ved årsskiftet. Eg trur vi har passert 3000 no, seier Staalesen.

F.v. Olav H. Breistein og Håvard G. Frøysa ser på medan Erlend Johnsen prøver å treffe korga.

SPORT: F.v. Olav H. Breistein og Håvard G. Frøysa ser på medan Erlend Johnsen prøver å treffa korga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tryggleik i høgsetet

Tilbake på frisbee-golfbana understrekar Frøysa at det skal vere trygt for andre å gå tur i parken medan dei kastar på bretta sine.

– Ikkje kast om nokon går forbi på vegen – det er vår hovudbodskap til nye, seier han.

– Trur de dette blir like populært når koronasituasjonen begynner å roa seg?

– Ja, dei som har byrja å kasta er nok blitt hekta, og då er det vanskeleg å slutta, seier Johnsen.

MOSJON: Litt gåing blir det på diskgolfarane, nett som i vanleg golfing.

MOSJON: Litt gåing blir det på diskgolfarane, nett som i vanleg golfing. Sekkane er fulle av brett.

Foto: Leif Rune Løland / NRK