Hopp til innhold

Heimevernet gjer opprør mot endringsforslag

«Dersom HV blir redusert med 12000 mann, slik Forsvarssjefen foreslår, blir Heimevernet svekka, og omgrepet landsdekkande er ikkje relevant lenger».

Heimevernsoldatar

FÆRRE OG FÆRRE: Heimevernet har vorte nær halvert dei siste ti åra, og no ligg nye kuttforslag på ministeren sitt bord. Her frå ei heimevernsøving i Førde hausten 2013, der Heimevernet ransakar bilar og folk som prøver å komme seg inn på det gamle skipsverftet i Førde.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Den kraftsalva kjem frå Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV 11) i eit brev til forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide (H).

– Vi gir uttrykk for ei stor uro når det gjeld Heimevernet. Konsekvensen av reduksjonen er at det blir mykje lenger mellom kvar heimevernssoldat, seier leiar i distriktsrådet Per Devold.

– Beredskapen blir svekka, openbert

Spesielt uroa er distriktsrådet for dei lange avstandane. For då forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen la fram sitt fagmilitære råd om framtida til Forsvaret i starten av oktober, foreslo han også å legge ned HV11.

Per Devold

LEIAR DISTRIKTSRÅDET: Per Devold.

Foto: Omer Sejnæs / NRK

I brevet til forsvarsministeren skriv Devold at køyreavstanden frå nord til sør allereie er 10 timar, og at reisetida blir uakseptabelt forverra om HV11 blir lagt ned. Dei fryktar og at viktig lokalkunnskap går tapt.

– Beredskapen blir svekka, openbert. Viss du tenker i krig- og krisetid skal heimevernssoldaten ha vakthald og sikring. Det vil bli betydeleg svekka med mannskapsreduksjonen, seier Devold og legg til:

– På same tid vil vi bli svekka i fredstid, ved naturgitte katastrofar, som heimevernslova paragraf 13 dekkjer. Til det vil det også bli mindre heimevernsmannskap å få tak i.

– Har nådd ei smertegrense

I forsvarssjefen sin plan ligg ei styrking av nordområda.

– Vi er ikkje imot det. Men vi er mot at dei skal svekke Sør-Norge, seier Devold.

Ein reduksjon på 12.000 soldatar tilsvarar ein reduksjon på om lag 70 HV-område, skriv distriktsrådet til forsvarsministeren. Dei meiner det vil påverke alle heimevernsdistrikta i Sør-Norge. Devold er fortvila.

– Ein gong i tida var vi 90.000 mann. I dag er vil halvert til 45.000. No har vi kome til ei smertegrense der vi byrjar å få så lite mannskap fordelt over heile geografien, at ein kan byrje å vurdere om det i det heile teke er vits i å oppretthalde det, om dei går endå lågare.

– Er det vits?

– Det er viktig. Det er det einaste territorielle forsvaret vi har att. Hæren er sterkt redusert og har ikkje territorielt ansvar. Så heimevernet må bestå, seier han.