Hopp til innhold

Heimelaga skilt skal åtvare syklistar på Rallarvegen

Årleg ferdast tusenar av syklistar på Rallarvegen i Sogn. No skal desse skilta åtvare dei om farane ved vegen.

Skilta som skal åtvare syklande om dei bratte skrentane er teikna for omlag 30 år sidan

BRATT: Skilta overlèt lite til fantasien om kva som kan vente utanfor kanten.

Illustrasjon: BANE NOR/Anne Kari Solberg Dalsbotten

– Folk som syklar her er nok ikkje alltid klar over kor bratt det er på utsida, og kva dei risikerer ved å ha for høg fart, seier Anne Kari Solberg Dalsbotten.

Sidan 70-talet har den no pensjonerte bonden budd ved den populære turistvegen. For om lag 30 år sidan var det sykkelløp på Rallarvegen og ho teikna skilt for å åtvare syklistane.

– Då hadde dei ei «jysla» fart nedover dalen, minnast Solberg Dalsbotten.

Men skilta fekk ikkje stå i fred og forsvann etter nokre år. Då kommunen skulle ta grep for å trygge vegen før årets sesong hadde ho teikningane klare.

Rom for kreativitet langs vegen

– Er det ein veg ein kan vere litt meir kreativ på, so er det rallarvegen, seier Jan Olav Åsarmoen Møller.

Han er nestleiar ved teknisk eining i Aurland kommune, og er ein av dei gler seg over at vegen har fått nye, og kanskje litt spesielt utforma skilt.

På vegen ligg og det som ein gong var den første vegtunnelen på Vestlandet. Fram til no har tunnelen frå slutten av 1800 talet vore ei mørk affære for syklande.

Men nyleg kunne Sogn Avis melde at det er lysare tider i den gamle tunnelen. I taket heng det nemleg nye lamper som lyser opp for syklistar og andre vegfarande.

Vestlandets første vegtunnel har vore utan veglys fram til årets sesong for syklande langs rallarvegen.

KÅRDALSTUNNELEN: Etter fleire uhell i mørket har tunnelen frå 1800-talet fått lys i taket.

Foto: Mesta Elektro AS

Populær veg

Kvart år syklar om lag 25 000 personar dei knappe svingane som ein gong førte rallarar opp til arbeidet ved Bergensbanen.

På vegen rallarane forlét og syklistane overtok har det vore fleire alvorlege ulykker.

– Me har hatt fleire ulukker på strekninga og i tilknyting til Kårdalstunnelen, fortel Åsarmoen Møller.

I 2019 miste ein familiefar livet i ei sykkelulykke på vegen, året før sklei ei kvinne på sykkel ti meter ned mot eit vatn. I fjor kolliderte ei ung kvinne med ein bil på vegen.

Kjærkome tiltak

– Det er bra at det blir gjort litt grep for at vegen skal bli tryggare for syklistane, seier Petter Andersen.

Andersen er hotelldirektør ved Vatnahalsen hotell. Hotellet ligg øvst i Flåmsdalen 840 meter over havet og er populært både som stoppestad og utgangspunkt for folk som vil sykle rallarvegen.