Hopp til innhold

Heilfrelst på elsykkel - har skipa klubb

Elin Stølen frå Lefdalsbygda i Eid syklar dagleg over tre mil kvar veg til og frå jobb på Nordfjordeid - på elsykkel.

Elin Støylen

GODT SYNLEG: Elin Stølen har kjøpt seg

Foto: Harald Kolseth / NRK

No har ho og to venninner skipa ein eigen elsykkelklubb.

– Det går rasande fort, det er grådig gøy. Det er berre å sette seg på sykkel, ta eit trakk, og så er du i gang.

Ho er heilfrelst etter å ha brukt elsykkelen ei veke.

– Du kan bruke akkurat så mykje krefter du vil. Du kan sjå motbakken langt der framme og tenke at: Åh, dette blir tungt. Så kjem du på at motoren er der, og så får du eit skikkeleg puff.

Ho held jamnt 25 kilometer i timen, og ho brukar ein time og fem minutt på dei 30 kilometrane til jobben på Nordfjordeid. Det har ho gjort kvar dag sidan ho fekk sykkelen for ei veke sidan.

Susar forbi mannen i motbakkane

På heimvegen har ho nokre skikkelege motbakkar, men dei går som ein leik.

– Det går så det susar, eg dankar ut mannen min. Han har landevegssykkel, men eg berre renn forbi han. Det er fantastisk gøy.

Og for å bli godt synleg på den strekt trafikkerte riksveg 15 har ho fått seg ei jakke som viser på lang lei.

– Mannen min har vore og kjøpt meg ei skikkeleg redningsjakke med mykje refleks på. Og på sykkelen er det lys framme og to lys bak. Her er det tipp topp.

Dei er tre venninner som alle har skaffa seg elsykkel, og no har dei skipa klubb.

– Vi skal sykle jamnt og trutt i sommar, kvar sommar.

– Dei som har vanleg sykkel, greier dei å halde fylgje med deg?

– Dei syklar nok frå oss på flat veg, men kjem vi til ein motbakke så knuser vi dei.

Sykkelen kostar 25.000 kroner, men for Elin Stølen er det godt investerte pengar.

– For meg er det den som gjer at eg kjem meg ut på tur nesten kvar dag i sommar. Mykje frisk luft!