Her stoppar Bjarte bussen i eitt minutt for sin døde kollega

Kollektivtrafikk i heile Vestland fylke stoppa i dag opp for bussjåføren som mista livet i dødsulykka på Sørås i Bergen.

Bussjåfør Bjarte Skjelvan har stoppet bussen for ett minutts stillhet for død kollega

HEIDER: Bussjåfør Bjarte Skjelvan er ein av mange hundre som fredag parkerte bussen for å heidre kollegaen.

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Dette var veldig spesielt og fint å vere med på, seier bussjåfør Bjarte Skjelvan.

Han har akkurat parkert bussen i vegkanten i Bergen.

Saman med eit hundretals andre bussar og bybanevogner sto han stille i eitt minutt klokka 13 i dag – same dag som bussjåføren vart gravlagt.

Alt for å heidre ein 57 år gammal bussjåfør. Han var blant dei to som mista livet etter dødsulykka på Steinsvikvegen i Sørås i Bergen 16. juni.

– Vår siste helsing

Bussjåføren var tilsett i kollektivselskapet Tide. Tide Buss og dei tillitsvalde ønskte å heidre han, og tok initiativ til eitt minutts stille på alle bussar og bybaner i Vestland fylke.

– På denne måten vil vi vise vår siste helsing og respekt for han og alle pårørande etter ulykka, seier konsernsjef Roger Harkestad i Tide på vegner av initiativtakarane.

Mellom klokka 13.00 og 13.05 køyrde alle bussar og bybaner i rute inntil næraste haldeplass. Motoren vart skrudd av, og passasjerane vart informert om kva som skulle skjedd.

Passasjar kunne velje å gå av bussen, før dørene lukkast og det vart stille i eitt minutt.

ULYKKESSTED: Det er lagt ned blomster der trafikkulykken skjedde i Steinsvikveien på Sørås.

BLOMAR: Det tok ikkje lang tid før det dukka opp blomar på ulukkesstaden i Steinsvikveien i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Har stått saman i sorga

Harkestad fortel at ulykka har samla bussjåførar på tvers av selskap. I dag deltok både Tide Buss, Firda Billag, Keolis, Modalen Eksingedalen og VY Buss deltok i markeringa.

– Det har vore både eit samla Tide og ei samla næring som har vore prega i tida etter ulukka. Alle har tatt vare på både kvarandre og dei pårørande, seier Harkestad.

Han fortel at dei har fått god respons på initiativet, både frå tilsette og folk generelt.

– Dette er noko som har blitt sett pris på. Vi har også avklart markeringa med familien til bussjåføren, som synest dette er ein fin måte å gjere det på.

Initiativtakarane bak minnemarkeringa for bussjåføren som omkom etter ulykka på Sørås.

SISTE HELSING: Desse står bak minnemarkeringa for bussjåføren som mista livet i dødsulykka på Sørås. konsernsjef Roger Harkestad i Tide, Trude Valle, hovudtillitsvald for Yrkestrafikkforbundet i Tide, Kenneth Sveen, hovudtillitsvald for Fellesforbundet i Tide og Pål Stange som hovudverneombod i Tide.

Foto: Tide

800.000 kroner er samla inn

I alt tre personar var involvert i det kraftige samanstøyten mellom personbilen og bussen. 19 år gamle Tobias Bøe Foss som køyrde personbilen omkom i den tragiske ulykka, medan passasjeren på same alder overlevde.

Dødsulykka har skapt sterke reaksjonar, og fleire har engasjert seg for dei etterlatne.

Bussjåføren var far til to jenter på 10 og 13 år, og søndagen etter ulykka starta Trude Kjærgård ein innsamlingsaksjon via Spleis for å samle inn pengar til familien hans. Ho er lærar til sjåføren si eldste dotter. I skrivande stund er det samla inn 837.000 kroner.

Ulykka har også ført til spørsmål rundt bussjåførar sin tryggleik. Fagforeininga til bussjåførane fryktar billegare bussar blir prioritert framfor sikre bussar, og Vegvesenet skal no vurdere strengare nasjonale krav.

Buss og personbil har kollidert

HARD SAMANSTØYT: Sjåførsida i bussen fekk ein kraftig smell og store skader i samanstøyten med personbilen. Bussjåføren og den 19 år gamle sjåføren i personbilen mista begge livet.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK