Hopp til innhold

Heider til Reidar Tveit

Reidar Tveit var fylkestannlege i 30 år. Under jubileet til tannhelsetenesta vanka det ståande applaus og trampeklapp på veteranen.

Reidar Tveit og Bjørn Birger Bremer

Reidar Tveit (t.v.) og fungerande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer.

Foto: Henning Rivedal

Det var under jubileumsmiddagen på Kvikne´s Hotel i Balestrand dei 140 deltakarane på denne måten hylla den første fylkestannlegen i Sogn og Fjordane.

- Heilt sentral

- Reidar Tveit var heilt sentral i oppbygginga av tenesta. Han såg klart behovet for folketannrøkt og sette i gang arbeidet. Saman med medarbeidarane sine la han ned ein stor innsats.

- Fullt utbygd etter seks år

- Takka vere denne pionerinnsatsen var folketannrøkta i 1965 fullt utbygd her i fylket, etter vedteken plan, berre seks år etter at Tveit tok til som fylkestannlege, sa fungerande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer i helsingstalen.


- Smil og hjelpsemd

Tidlegare tannlege og tannhelseveteran Leif Borgund frå Selje heldt ein hyllingstale til Tveit.

- Du kom oss alltid i møte med smil, hjelpsemd og ei støttande haldning.

Stor innsats

Reidar Tveit heldt i sin takketale fram den store innsatsen frå medarbeidarane som gjorde det mogeleg å oppnå så gode resultat på så kort tid som då tannhelsetenesta vart bygt opp.

Flagga for fylkestannlegen

Eit døme på tannhelsetenesta sin posisjon står å lese i jubileumsboka ”Frå tanntrekking til folketannrøkt.” Det var ein gong Tveit var på arbeidsreise i Luster. Han la merke til at det vart flagga mange stader og undra seg fordi det ikkje var nokon høgtidsdag som han kunne kome på akkurat då.

Fleire år seinare kom han til å nemne dette i ein samanheng. Då fekk han til svar at det var fylkestannlegen dei flagga for, fordi dei visste at han skulle vitje kommunen.