Hopp til innhold

Heggø trur på mykje vegpengar i Nasjonal Transportplan

Arbeiderpartiet i fylket har store forventningar til Nasjonal Transportplan som blir lagt fram klokka 12 i dag.

E39 og Ingrid Heggø

TRUR PÅ MYKJE PENGAR: Ingrid Heggø (Ap) trur på bra utteljing for Sogn og Fjordane. Det er fleire saker i fylket som skal avgjerast, mellom dei er trasevalet for E39 i Nordfjord.

Foto: montasje

Fleire viktige vegsaker i fylket skal avgjerast. Mellom dei er Vikafjellstunnelen og trasévalet for E39 i Nordfjord.

Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Ingrid Heggø, seier dei har fått signal om det kjem mykje pengar, men ikkje til kva konkrete prosjekt det er løyvd pengar.

– Det kjem utruleg mykje pengar i Nasjonal Transportplan. Eg veit også at det kjem mykje pengar til Sogn og Fjordane. Eg tykkjer vi har fått godt gjennomslag i forhandlingane, slik at vi har styrka det som fylket vårt får, seier Heggø

– Det har vore mykje snakk om E39. Kva forventningar har du her?

– Vi veit vel ikkje så mykje ned på detaljnivå kor mykje som kjem på kvar strekning, men eg reknar med vi har fått godt gjennomslag til å kunne drive arbeidet vidare, slik at vi slepp stopp i det.

Det er klokka 12 i dag at Nasjonal Transportplan for dei ti neste åra blir lagt fram. Her får vi svaret på korleis og kva vegar regjeringa vil bygge dei neste åra.

Det er samferdselsminister Marit Arnstad, statsminister Jens Stoltenberg og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell som skal presentere stortingsmeldinga om NTP. Du kan følge presentasjonen via nett-tv direkte frå kl 12.