Hopp til innhold

– Asylkøen er ein ønska politikk frå regjeringa

At 1000 syrarar framleis ventar på asylintervju er politikken til regjeringa si skuld, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet

Ingrid Heggø

VIL PRIORITERE ANNLEIS: Ingrid Heggø (Ap) meiner asylkøen skuldast politikken til regjeringa.

Foto: Privat

– Eg meiner det er ein ønska politikk når dei vel å prioritere å sende ut folk i staden for å satse på dei som faktisk skal få opphald, seier Ingrid Heggø (Ap).

Denne veka fortalde NRK om Jawn Allo frå Syria. Han er ein av 1000 syrarar i Noreg som har venta i over åtte månader utan å få ei einaste samtale med dei som skal vurdere om dei får opphald.

– Vi har fått frå 6000 til over 30 000 innvandrarar på kort tid. Det er komplisert å klare å bemanne og få fart i rutinane slik at ein klarer å handtere det.

Det fortel stortingsrepresentant frå Høgre, Bjørn Lødemel. Ingrid Heggø godtek ikkje den forklaringa.

Bjørn Lødemel

– MASSIV AUKE: Bjørn Lødemel (H) meiner innvandrarstraumen har skulda for dei lange køane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er berre halve sanninga. Det er heilt riktig at det kom fleire enn kva UDI var førebudd på. Men den andre delen er at regjeringa sin politikk har gjort vondt verre. UDI har fått klar melding om å prioritere utsending av dei som ikkje har grunnlag for å vere her, seier Heggø.

Vil prioritere dei som får bli

Heggø meiner det er viktigare for regjeringa å få sendt ut dei som ikkje skal vere her enn å starte integreringa for dei som faktisk skal få opphald.

– I og med at dei prioriterer som dei gjer, hamnar dei som har grunn til å få opphald bakarst i køen.

Men er ikkje arbeidarpartiet med på linja i asylpolitikken?

– Ikkje når det gjeld å prioritere kven som skal behandlast først og sist når det gjeld asylsøkjarar. Det har ikkje vore eit tema i Stortinget som eg har vore med på, seier Heggø.

– Stod saman i Stortinget i vinter

– Dette er eit eksempel på vingling frå arbeidarpartiet sin side.

Det fortel statssekretær i Justisdepartementet, Marit Berger Røsland (H). Ho påpeiker at regjeringa og Ap har vore samde om store deler av innstramminga i asylpolitikken.

– Vi stod saman i vinter om å sende eit tydeleg signal om at raske returar er viktig. Å returnere personar som ikkje skal vere i Noreg er ein viktig del av innstramminga. Når det gjeld prioritering er vi klar på at UDI skal prioritere klare avslagssaker. Då får vi sendt eit signal til dei som vurderar å reise til Noreg, men som ikkje har grunnlag for å vere her, seier Røsland.

Marit Berger Røsland

– UTSENDINGAR VIKTIGAST: Fortel Marit Berger Røsland (H).

Foto: Malin Amble / Statsministerens kontor

Heggø i Ap vil prioritere annleis.

– I staden for at folk må stå med livet sitt på vent så lenge, burde det vore prioritert å sette inn full styrke for å få til intervjua med dei som treng opphald.

Men er det ikkje like viktig at dei som ikkje får opphald skal kunne gå vidare med sine liv?

– Nei, av den enkle grunn av at dei ikkje skal bli. Eg trur og håpar det ville vore annleis med ei rødgrønn regjering, seier Heggø.