Hopp til innhold

Heggestad takka for seg

Kurt Heggestad banas beste i sin aller siste kamp for Sogndal.

Kurt Heggestad
Foto: Oddleif Løset / NRK

Heggestad overlet ti minutt før slutt plassen sin til Lennox Kanu.

- Litt vemodig. Det var litt spesielt, men no får eg glede meg til det eg skal ta til med, seier han.

 

- Det er trist

Heggestad takka i sommar nei til nytt kontraktstilbod frå Sogndal. Han skal ta til som geitebonde i Veitastrond og vil neste sesong trekke drakta til 5. divisjonslaget over hovudet. Heggestad blomstra då han tidlegare i år vart flytta fram på venstre kant.

- Det er trist. Eg tykkjer Kurt har gjort ein veldig god sesong i år. Han er ein spelar som trenarane fort vert glad i. Han står på i treningane og er veldig lojal, men vi må respektere valet han gjer, seier trenar Karl Oscar Emberland.