Hopp til innhold

Hege fekk eit tøft møte med dei beste - budd på at sesongen kan ryke

Medan lagveninnene tek imot Larvik til seriepremieren neste helg, håpar Hege Bakken Wahlquist (20) å ha gjennomført sine første joggeturar etter den alvorlege kneskaden i vinter.

Hege Bakken Wahlquist

MÅ VENTE: Hege Bakken Wahlquist fekk ein tøff debutsesong blant dei beste handballjentene i landet. - Det er ein bonus om eg får spele noko i år, vedgår 20-åringen. Biletet er teke like etter skaden i vinter.

Foto: Privat

Debutsesongen med eliteserielaget Sola Handball varte berre 19 kampar for den talentfulle årdølen .

Mot Stabæk sette juniorlandslagsspelaren inn sitt 38. mål for sesongen, og vrei kneet ut av ledd og sleit det fremre korsbandet tvers av då ho landa.

– Det blir spennande å følgje med laget og kanskje få vere på benken og støtte dei gjennom sesongen. Men eg gler meg til å kunne springe i neste veke, seier 20-åringen.

Sesongen kan ryke

For medan lagveninnene kan trekkje Sola-drakta og varme opp til sesongpremiere mot fjorårets seriemeister Larvik, håpar Bakken Wahlquist på ein plass på benken.

Sjølv om det lenge har vore klart at ho ikkje får spele oppgjeret. I verste fall er heile sesongen spolert.

– Det har vi snakka om både meg, fysioterapeuten og trenaren, så eg er eigentleg budd på det. Men eg vil berre trene hardt og komme tilbake så fort som mogleg uansett, seier ho.

– Tek ingen sjansar

Både 20-åringen sjølv og trenar Knut Ove Joa er klar på at dei ikkje vil risikere noko som helst for å få Bakken Wahlquist attende på bana så tidleg som mogleg

Sola-trenar Joa meiner det er ein bonus om kantspelaren får med seg ein kamp eller fire.

– Eg har sett spelarar komme tilbake for tidleg etter slike skader før, og nokre har berre skada seg med det same. Vi vil gjerne ha Hege med på laget, men tek ingen sjanse på å forhaste oss, seier trenar Knut Ove Joa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hege Bakken Wahlquist

OPTIMIST: Hege Bakken Wahlquist har ikkje forhasta vegen tilbake til handballbana etter at ho vart operert for korsbandskaden.

Foto: Privat

Dag for dag

– Eg føler det går framover og kjenner eg blir sterkare for kvar dag som går. No trenar eg styrke og syklar, kastar eg ball så står eg berre heilt i ro. Eg er førespegla å kunne byrje å jogge og springe att i neste veke, men tek det dag for dag og høyrer på fysioterapeuten, seier Bakken Wahlquist.

Skaden 20-åringen fekk i vinter, er den hyppigaste av korsbandsskadane – og er langt vanlegare hos kvinner enn menn.

Utbreitt blant kvinner

Kvart einaste år ryk kring fire prosent av handballspelarane i eliteserien for kvinner korsbandet. I Byåsen må til dømes glopparen June Andenæs bu seg på ein sesong utan fjorårets toppscorar Marie Henriksen.

Også fotballspelarane Børre Steenslid og Melissa Wiik har skada korsbandet.

Doktorstipendiat Eirik Kristianslund ved Universitetet i Oslo ynskjer å finne ut meir om dette korsbandsskader, og seier til nettsida forskning.no at rørslemønsteret er ei av årsakene til at kvinner er mest utsett.

– Menn har naturlege rørsler som belastar korsbandet mindre. Kvinner er dårligare til å kontrollere knea, difor er det vanskelegare for dei å halde knea over tærne i rørslene. De fell rett og slett meir saman i rørslene, seier han.

– Der rauk alt i kneet

Kvelden i Åsenhallen 3. mars i år er ein kveld Bakken Wahlquist seint vil gløyme. Oppgjeret mot Stabæk gjekk direkte på TV, og TV2-kommentator Kjersti Grini forstod raskt alvoret.

Kjersti Grini

SJOKK: TV2-kommentor Kjersti Grini skjønte med det same alvoret i skaden til Bakken Wahlquist.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Nei, nei, nei beinet står i heilt feil stilling. Der rauk alt i det kneet, sa den tidlegare landslagsspelaren på direkten.

Også landslagsspelar Tonje Nøstvold og Sara Breistøl, som sjølv rauk korsbandet i 2009, reagerte på skaden.

– Ble faktisk kvalm da eg fikk sjå den i reprise, twittra Nøstvold.

Skjønte tidleg alvoret

– Pappa vart nok ganske redd då han fekk telefonar om at Kjersti Grini hadde sagt det. Eg ville berre få svar, og orka ikkje tenkje på kva ho sa, fortel Bakken Wahlquist og fortel at ho skjønte med det same at skaden var alvorleg.

– Eg kom på kontring, hoppa opp og hang litt for langt ut mot høgre før eg landa. Då eg først landa kjende eg at alt vridde sundt i kneet, fortel ho.

Kantspelaren vart frakta til sjukehus i Stavanger, der MR stadfesta frykta.

Drøymer om landslaget

For Bakken Wahlquist kom skaden på eit svært dårleg tidspunkt. Med siste VM som aldersfastlagd spelar. I fjor var 20-åringen med å sikre Norge sølv i U-VM .

Hege Bakken Wahlquist

SJUKEHUS: Hege Bakken Wahlquist på sjukehuset etter skaden ho fekk i mars i år.

Foto: Privat

Ved sidan av lysta til å få eit heilt friskt kne att, er draumen om spel for det norske kvinnelandslaget ei drivkraft på vegen attende mot handballbana.

– Det å spele med flagget på brystet på damelandslaget er ei endå større utfordring enn aldersfastlagd. Det er det som er draumen og eg skal trene så hardt eg kan for å komme dit, seier ho.

Ser fordelen

Når uhellet først var ute, meiner Bakken Wahlquist at det trass alt har gått bra. Ho har tenkt positiv og ikkje forhasta noko som helst.

– Fordelen er jo at eg får trene mykje styrke på heile kroppen, kanskje meir enn før. Den største utfordringa er det psykiske og frykta for at det kan skje igjen, men eg har ikkje fått noko knekk til no. Og eg trur ikkje det vil komme heller, meiner ho.

Tre i eliteserien

– Det verste var eigentleg den første tida på krykkjer, og ikkje få trene. Eg gjekk frå hard trening kvar dag, til å berre kunne trene styrke. Men det er mange som har hatt skaden. Sjølv om ein del har opplevd å få att skaden, så er det dei som blir heilt fine att, legg 20-åringen til.

Årdølen er ein av tre spelarar frå fylket som kan sjå fram til ein sesong på øvste nivå i handball-Norge.

På Sola vaktar Malene Solheim (28) frå Fjaler buret, medan June Andenæs (29) frå Gloppen spelar for fjorårets sølvvinnar Byåsen.

Budd på botnstrid

Medan linjespelar Andenæs jaktar medaljar med trondheimsklubben, er Sola budd på eit tilvære i andre enden av tabellen.

I fjor måtte laget gjennom kvalifisering for å halde plassen i eliteserien.

– Målet å halde oss i eliten og ikkje gjere det så stressande som i fjor då vi nesten rykte ned. Årsaka til at vi tapte mange jamne kampar var nok at vi sløste mange ballar og ikkje trefte mål. Målet er å forbetre oss frå i fjor, avsluttar Bakken Wahlquist.